Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ledig stilling ved Innvik Fjordhotell

Hotellet ligg idyllisk til ved Nordfjorden.
Foto:

Den som blir tilsett må rekne med å ta del i alle typar kjøkenarbeid, koking, baking, reinhald, oppvask, og anna førefallande arbeid på hotellet. Vi treng ein person som kan arbeide sjølvstendig, og ta kokeansvar ved større og mindre arrangement.

Vi søkjer ein fleksibel, arbeidsvilleg, utadvend og positiv medarbeidar, som har lyst til å vere med å dele visjonen vår om at hotellet skal vere eit senter for bøn og vekking. Den som blir tilsett må dele Normisjon sine verdiar. Løns- og arbeidsvilkår etter RBL sitt regulativ. For nærare opplysningar, ta kontakt med styreleiar Per Arne Tøsse, tlf. 95 28 49 85, eller dagleg leiar Anna Marie S. Vatnamo, tlf. 99 36 46 60. Søknadsfrist: snarast og seinast 15. nov. 2016.

Innvik fjordhotell Misjonsheimen AS er eit aksjeselskap som er eigd av Normisjonsforeiningane i området. Det bærande økonomiske fundamentet er turisme om sommaren. Elles i året har vi ein del helgearrangement, både i eigen regi, og der andre leiger hotellet. Hotellet har ein liten kjernestab på 6 personar i totalt 4,2 stillingar, og ca 10 sesongarbeidarar om sommaren. Hotellet er sertifisert som Milljøfyrtårn.