Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ledig stilling: Regionleiar

Foto:

Normisjon region Sogn og Fjordane er ein aktiv region med mange foreiningar, lag og eit breitt friviljug engasjement under visjonen ”Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag”. Regionen har siste året auka leiroppslutning med over 25% og har planta og starta mange nye fellesskap. Innovasjon og utvikling er viktige stikkord for oss om dagen. Vi har to stillingar knytt til barne- og ungdomsarbeidet (Acta), ein administrasjonsmedarbeidar, ein regionmedarbeidar og ein fellesskapsutviklar. Regionen er eigar av fleire einingar, m.a. eit hotell, retreatsenter, barnehage, 2 leirstadar og 2 folkehøgskular. Kontora våre er plassert på Sandane. 

Regionleiar i 60% fast stilling
Stillingsstorleik kan diskuterast

Hovudansvarsområde
• Den overordna leiinga av regionen, derunder:
• Økonomi
• Personal
• Kontakt med regionen sine driftseiningar
• Inntektsbringane arbeid

Du har…
• Relevant utdanning og/eller anna relevant fagleg erfaring
• Gode leiareigenskapar
• Evne til å byggje tenelege system
• Gode evner til samarbeid
• Aktiv tilslutning til Normisjons visjon og verdigrunnlag
• Fleksibilitet og er løysingsorientert

Vi tilbyd:
• Spennande stilling i ein vital stab
• Kvardag prega av meining, utvikling og positivitet
• Å vere med å byggje og utvikle noko nytt og flott
• Løn og vilkår etter avtale i tråd med Normisjon sine lønsregulativ

Søknadsfrist 23. desember 2016 
Send søknad, med CV til fungerande regionleiar
anten på epost: vegard.tennebo@normisjon.no
eller til Normisjon Sogn og Fjordane, pb 162, 6823 Sandane

Spørsmål til stillinga kan rettast til fungerande regionleiar, Vegard Tennebø:
Tlf.: 57 86 63 49/ 906 42 084.