Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Stort engasjement i Hyen for Nepal

Hyarane støtta godt opp om misjonsbasaren.
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Soknerådet i Hyen har SMM-avtale (Samarbeid Menighet og Misjon) med regionen fram til 2020. Avtala er retta mot barnehelse-arbeidet til Normisjon i Okhaldhunga i Nepal.

Mangfaldig basar
29. januar trappa hyarane opp i gymsalen på skulen og gjorde den om til basarlokale på få straksar. Mange hadde baka kaker og bidrege med gevinstar til utlodding. Speidaren i Hyen stod for flott song og hadde laga  montasje med bilde frå Nepal og fakta om landet. I tillegg hadde dei laga «tivoli» der ein kunne gjere kjekke ting og samstundes støtte misjonsprosjektet. Hyen Normisjon bidrog også til denne flotte dugnaden.

Bjørg Sandal fortalde frå nepaltur og viste bilde og videoar saman med Ingebjørg Isane Fure i Normisjon. Tidlegare nepal-farar, Heidi Djupvik Raad, stilte ut eksotiske ting frå Nepal. Alle som ville, fekk smake rykande fersk nepali-te, laga av ein spesiell tesort som blir dyrka i Nepal.
Soknerådsleiar Solveig Hope m.fl. gjorde ein stor jobb med å koordinere basaren.  

Imponerande resultat
Om lag 26-27 000 kr vart sendt til Okhaldhunga. Noko av inntekta kom inn gjennom loddboksal på førehand.  

Nye babytepper vart levert inn med adresse "nyfødde på Okhaldhunga sjukehus." Dei blir sendt av garde med neste reisande som har høve å ta dei med til Nepal/Okhaldhunga 

Normisjon takkar hyarane hjarteleg!