Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Rein natur - nytt linjekonsept på Sunnfjord Folkehøgskule

Elevane får vere med å stelle villsaustammen på Værlandet.
Foto: Arne Håberg

Elevane får oppleve den reine naturen, dei får bidra til rein natur, og dei får vere med og drive dyrehald og skjøtsel av kystlandskapet slik det har vore gjort i generasjonar.

- Dette er heilt unikt, seier rektor Jorun Knapstad: - Dei skal lære å drive med villsauer slik det har vore gjort i mange tusen år. Kva med hundre lam som skal temmast eitt og eitt og lære dei at menneska er snille? Dersom du er vennleg, så vil dei merke det med ein gong. Dette foregår på Værlandet i den flottaste naturen du kan tenke deg. Dei vil også få vere med å på halde kystlandskapet slik det har vore sidan vikingtida. Sørværet Naturreservat er beitelandskapet for villsauene, og det skal haldast reint for granvokster og søppel m.m.

- Er det dette som er det gode livet? Å vere i pakt med naturen, å vite at ein utgjer ein liten forskjell, og gjere dette blant gode venner som deler dei same gledene?Naturen i Sunnfjord kan måle seg med den finaste vi har i landet, og på enkelte område heilt unik. Innanfor to timars reise frå skulen har vi alt frå høgfjell og isbre til elvar, vatn, skog og toppar til fjord, øyar og skjergard. Er ikkje det flott? Vi synes i alle fall det og er veldig stolte av den. Ikkje så verst rein heller, og det skal elevane få vere med å bidra med, fortel Birger Helle Fatland. 

Les meir om linja her

Å oppleve nærleik til naturen, og hauste av det naturen gir, er viktig lærdom i ei hektisk tid.
Foto: Eivind Kise.