Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Førde Normisjon satsar på ungdommen

Det nye styret i Førde Normisjon. Bak f.v.: Anders Bruland og Leon Haugsbø. Framme f.v.: Elida Østergaard Bruland, Ane Marte Warvik og Hanne Sofie Sæterlid.
Foto: Per Ingolv Nygård

I tillegg til at dei unge driv eit aktivt ungdomsarbeid i den nyoppussa bedehuskjellaren, tek dei medansvar for foreiningsarbeidet. Den attvalde formannen, Leon Haugsbø, fekk i alt fire ungdommar med seg i det nye styret. Det er Hanne Sofie Sæterlid, Anders Bruland, Ane Marte Warvik og Elida Østergaard Bruland. Varamedlemmer er Bjørg Fuhr, Adrian Hoffmann og Sigbjørn Tonheim.

Eit aktivt år
Den fyldige årsmeldinga vitna om eit aktivt år med mange ulike samlingar og aktivitetar i foreininga. Den nye satsinga på ein eigen ”Godleiksdag” var referert som vellukka. Det var god oppslutning om dei ulike aktivitetane denne dagen med gratis bedehuskafè, skyssing av folk frå Helsetunet, bilvask, hagearbeid hos eldre, og arrangement på asylmottaket. Ny Godleiksdag med utvida opplegg skal arrangerast no til våren.

Årsmøtet sette pris på styret sitt initiativ med sikte på å samla alle kyrkjesamfunn og misjonsorganisasjonar i Førde til ei felles samling til hausten. Deltakarane tykte elles godt om styret sitt engasjement for oppussing av bedehuset mellom anna i form av nytt minikjøkken, ny varmepumpe og ymse målingsarbeid. Når så det nye ungdomsbandet i bedehuset deltok med song og musikk, vart det eit årsmøte med optimistiske tonar og god stemning.