Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Å møtast i heimane

"Haugianerne" av Adolph Tiedemand (1848)
Foto:

Smågrupper, seier du? Er ikkje det noko nytt frå Amerika, som er in akkurat for tida og som snart går over, akkurat slik som lattervekkingar og andre merkelege trendar? Og har vi ikkje nok å styre med allereie?

Lesarane
Kimane til det arbeidet som i dag er Normisjon blir ofte spora tilbake om lag 200 år i tid. Då Hans Nielsen Hauge traska rundt i Trivselsfylket og elles i landet i tida rundt 1800, vaks det etter kvart fram eit stort engasjement for både ytre- og indremisjon. Men då Hauge og andre reiste rundt og forkynte, stod det verken bedehus eller frikyrkjer klare til å ta i mot, og kyrkje-dørene var dei fleste stader stengde for forkynnarar som ikkje var statlege embetsmenn. Så kva var løysinga? Jau, dei samla seg i heimane til dei såkalla lesarane. På småstadar som Hestenesøyra, Vevring og Hafslo fanst det nemleg grupper av småkårsfolk som samla seg for å be og lese frå og snakke om Guds ord. Desse var det som blei kalla lesarar, og dei var grunnlaget for misjonsrørsla. Men kvar hadde dei fått denne ideen frå, at dei kunne samle seg i heimane, be og lese?

Urkyrkja
I Apg 2, 46 kan vi lese om dei første kristne at: «Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede.» Den same vekslinga mellom dei meir offentlege arenaene som tempelplassen og meir private rom som heimane finn vi også hos Jesus, som ikkje alltid talte til tusenvis eller til dei 72 i den utvida disippelflokken. Ofte var det dei 12 i «smågruppa» hans som fekk merksemda hans, eller til og med berre dei 3 aller næraste venene. Og det handla ikkje om hemmeleghald eller splid. Menneska den gongen var berre skrudd saman på same måten som oss: Nokre gongar passar det å samlast mange til offentlege tilstellingar og feiringar, men til nokre formål eignar mindre grupper og heimlege miljø seg betre.

Bedehusa
Det er ulike små grupper av bedande og arbeidande misjonsfolk som gjennom heile den norske misjonshistoria har halde oppe dei lokale lekmannsrørslene. Dei har ikkje vore konkurrentar til bedehusarbeidet, men sjølve grunnfjellet i det som fekk meir offentleg uttrykk gjennom misjonsmøta. I små grupper fekk gløden og frelsesgleda plass saman med inderlege bøner for andre og ord og fellesskap til å vekse på. Ut frå Apg 2,42 snakkar vi ofte om dei «4 B-ane» som grunnlaget for rørsla vår: Bibel, bøn, brorfellesskap og brøds-bryting. Dei var aldri meinte å skulle vere berre for dei heilt offentlege tilstellingane. Det handlar om ein puls, om noko vi skal halde oss trufast til. Det handlar om kvardagsliv.

Korleis gjer vi det?
Mange stader har tradisjonen for å møtast heime gått i gløymeboka, eller når vi først møtast, er det så mykje som skal avtalast og organiserast at det ikkje opplevast som påfyll, men som jobb å møte medkristne i heimane. Derfor kan det vere lurt å avtale møtepunkt som ikkje handlar om å planleggje noko anna, men som handlar om sjølve kjernen; om Kristus og fellesskapet kring han. Og då er det lurt å kalle det noko anna enn styremøte. Til dømes smågruppe eller bibelgruppe. Strengt tatt trengst det ikkje anna enn minst to personar og Guds ord. Men det kan vere ein fordel både å ha ein liten plan og å ha andre å tenkje i lag med.

Smågruppenettverk
Dei siste åra har det vakse fram eit nettverk av smågrupper i regi av Normisjon her i regionen. I Gloppen og på Eid er det no 14 slike grupper. Det er både bibelgrupper som har eksistert lenge, og heilt nye grupper av både godt vaksne, småbarnsforeldre og skuleelevar. Dei fleste gruppene bruker opplegg som ligg på regionen sin nettstad. Det er noko flott med å vite at sjølv om det er «berre oss» som har denne samtalen akkurat no, så har mange av dei vi møter til guds-teneste og møte, på leir eller i andre samanhengar høyrd og snakka om det same.

Kva kan smågrupper bety?
Religionssosiologisk forsking på urkyrkja og andre vekstkyrkjer viser at dei har stor sosial «overflate», slik at mange slutter å rekne seg som «utanfor» fordi dei møter ideane i rørsla gjennom folk dei stolar på. Smågrupper kan vere med å «kristne» dei sosiale banda våre slik at folk møter kristen tru i kvardagen, særleg om gruppene har tanke på kva dei kan gjere for andre i bygda si. Når dei kristne «heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene», så «la Herren til nye som lét seg frelsa». Slik er det framleis!

Slik startar du smågruppe:

1. Be! 

2. Spør nokon du kjenner om å vere med. 

3. Ta utgangspunkt i Bibelen. Bruk ferdige opplegg, ta for dykk eit evangelium eller brev e.l. eller vel ut bibelhistorier. 

4. Gjer avtalar for når og kvar de møtast, og kven som minner om samlingar og inviterer.

5. Legg lista lågt med tanke på servering mm. 

6. Tenk utover dykk sjølve: Kven kan vi bety noko for? Kven kan vi invitere?

Kontakt fellesskapsutviklar Vegard Tennebø for hjelp og tips!