Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Delta i fotokonkurranse!

Fire av bilda i Dagsordkalenderen for 2017.
Foto:

Normisjon Sogn og Fjordane fekk bidra med bilda til Dagsordkalenderen 2017 som Luther Forlag gjev ut, og som blir selt over heile landet. Salet gjekk fint, og regionen fekk ekstra god inntekt av kalendrane vi selde. Regionen har gjort ny avtale med Luther Forlag om å levere bilda til neste års kalender.

Dermed utlyser vi ein fotokonkurranse: Send oss gjerne flotte naturfoto innan 24. april til iif@normisjon.no
Luther Forlag vil stå for utvelginga av foto. Fotografane som blir valt ut, får namnet sitt på bildet. Premien er dermed heder og ære! Og bonus: bidra til ei ekstrainntekt i misjonsarbeidet til region Sogn og Fjordane. 

Kriterium:
- Bilda kan ha både makro- og mikroperspektiv, gjerne frå ulike årstider.
- Det kan vere folk på bilda, men ikkje synlege/tydelege ansikt. Natur er hovud-fokus.
- Liggande format og god oppløysing.
- Foto av mobilkamera må ha ekstra god kvalitet for å bli vurderte.
- Ein kan sende inn både uredigerte og redigerte foto, men ikkje med markante filter / unaturleg redigering. 
- Gjerne frå ulike årstider sidan fotoet for kvar månad skal passe til årstida. 

Skriv stadnamn for kvart foto. 


Frå Dagsordordkalenderen 2017