Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Glimt fra Mali

Misjonærene i Mali og Senegal samla i Bamako til sin årlige konferanse.
Foto: Gjermund Lygre

Straumproblem

Av og til kjem fleire fortredeligheter oppå kvarandre. Medan eg var i Bafoulabé for å undervise på bibelskulen så var det ikkje vatn i vanntårnet. Pumpa fungerte ikkje og har ikkje gjort det på ei stund. Med andre ord er det ikkje uvanleg, og når Salli, ansvarleg for gjestehuset, ber inn vatn til dusjen, fyller på vatn på filteret og reservebøtta til og med er full er det ikkje noko å klage på. Men denne dagen, ein varm dag, var det heller ikkje straum på området. Først lurte vi på om det var problem med sikringane. Men det var det ikkje. Vi fekk så høyre at EDM, det maliske selskapet som er ansvarleg for straumen, hadde kutta straumen fordi rekninga ikkje var betalt. Ein telefon til Aadama, ansvarleg for å betale rekningar, avslørte at det ikkje stemte. Rekninga var betalt. Etter x antall telefonar og besøk på kontoret til straumselskapet vart det ordna. Normisjon har seld to eigedomar i Bafoulabé. Problemet er at dei som har kjøpt desse eigedomane ikkje har klart å registrere desse eigedomane i sitt eige namn. Vi har påpeikt dette fleire gonger! Men når dei ikkje betalar rekninga si, og vi får deira rekning tilsend, i og med at det er registrert på oss, så blir straumen kutta. Forvirra, du er ikkje åleine om det. Siste kapitelet i denne soga er ikkje skrive.

Ei viss trøyst er det å sjå at EDM, det maliske straumselskapet, også vågar å ta tak i andre. Eg las nettopp at dei hadde kutta straumen både til nasjonalforsamlinga og til fleire departement på grunn av manglande betaling! Begge partar skunda seg å betala noko, og lova bot og betring for framtida!

Det er ikkje lett å arbeide for EDM og stadig sjå at rekninga ikkje er betalt. Det å kutte straumen er jo ikkje direkte populært. Det er godt dei vågar å både ta Jørgen Hattemakar og Kong kven det når er. Er det noko som er frustrerande for mannen i gata i Mali så er det forskjellsbehandling og korrupsjon.

Sekokoto

Eg likar meg godt i vakre kyrkjer og katedralar, men det er vel knapt noko som slår det å feire gudsteneste ute under den store uendelege katedralen. For eit par veker sidan fekk vi, ein gjeng på fem mannfolk som skulle til Bamako for å delta på eit møte, ei flott oppleving i Guds katedral. Det vil seie, vi gøymde oss delvis for den vakre sola. Det var vel om lag 40 grader i skuggen den dagen så vi fekk stolar og benker å sitje på under nokre tre. Men himmelen var synleg og vakker. Seko Keita er evangelist og leiar i den vesle kyrkja i Sekokoto. Denne dagen fekk vi høyre om Jesus som reiser opp den nedbøygde og knuste. Aadama Bah tala, og etter talen var det tid for dåp. Tre born og ein vaksen mann vart døypte denne dagen. Vi fekk oppleve at vi fekk nye søsken og den lokale kyrkja fekk fleire medlemmer. Døypefonten var ein slitt men vakker hirsemortar og vatnet var i eit vakkert fat. Jenta på bildet lurte nok på kva som skjedde? Heldigvis er Guds nåde for alle, store og små, og hans nåde får vi del i om vi forstår den eller ikkje. Vi kan berre ta imot.

Tryggleikspolitikken

Etter fleire veker i Oussoubidiania og Goundara var det kjekt å kome ned til Bafoulabé. Vi var ein heil gjeng som drog saman for å delta på kyrkjemøtet. Då vi kom fram til bibelskulen var det ein leiar i kyrkja som var tydeleg på at det eg hadde gjort var på grensa av kva som var lurt. Han hadde sjølv nyleg vore på eit kurs i Kayes, regionhovudstaden, der hadde han fått høyre at Oussoubidiania og Goundara er raud sone. Faren for kriminalitet og angrep frå islamistiske organisasjonar er for store til at ein kan anbefale kvite å bu der fast. Medan vi var samla til misjonærkonferanse i Bamako fekk vi høyre at ei katolsk nonne var kidnappa i Koutiala. Byen ligg ein god del aust for Bamako. På bildet over her er gjengen som var samla til konferanse i Bamako i år.

 

Medan eg skriv dette ser eg i Jeune Afrique at det var trefningar mellom lokale jegerar og fulanarar midt i Mali for to dagar sidan. Åtte drepne og 13 skadde. Nesten kvar veke les vi om angrep på den maliske hæren. FN skriv og om at det er eit svært krevjande oppdrag dei har i Mali. Samstundes ser vi signaler som gir håp. No har ulike militære grupper og hæren såvidt byrja å arbeide saman. Den tjuesjuande mars til den andre april skal dei prøve å organisere ei stor samling for å drøfte fredsarbeidet i Mali. Å skape fred er krevjande, men utan samtalar, utan møter ansikt til ansikt som skaper gode relasjonar, og forståing mellom menneske vert det ikkje fred.

Og er det noko Mali treng er det fred. Ein god fred og eit vel fungerande land som kan skape håp om ei god framtid. VG skriv i dag at ein fryktar at 250 menneske er drukna i skrøpelege farkostar utanfor kysten av Libya. Unge menn dei fleste av dei, og ikkje utenkeleg at ein del av dei kjem frå Mali. Eit land prega av uro og til dels krig, korrupsjon og arbeidsløyse gjev god grobotn for draumen om eit betre liv ein annan stad.

Ne pars pas en mer

Ikkje dra på havet, er ein organisasjon som nokre unge menn frå Oussoubidiania har starta. Dei har mista venner, kjende i ørkenen og på havet. Draumen deira er å skape eit godt liv i Oussoubidiania og i området. Det første dei har fått til er ein hage for å vise at ein kan få til noko når ein går saman. Dei er bra organiserte, interesserte kan melde seg inn og bli medlem. Dei drøymer om å få til kurs lokalt i sveising, snekring, elektrisitet, hagebruk mm.  Her frå hagen med Osman som vatnar.

Fuglasong både her og der

Nyt våren. No vaknar eg av at fuglane syng utanfor huset vårt. Det minner meg på kor  fantastisk det var å vakne til flott song frå fuglane medan eg var i Goundara. Nokre morgonar gjekk eg meg ein tur i grålysninga på jakt etter ryper, då kunne ikkje naturopplevinga bli stort betre. Eg gjekk og sette meg ned ein stad der eg trudde det kunne dukke opp ei rype. Om det kom ei rype eller ikkje betydde ikkje så mykje. Rundt meg song fuglane, insekta surra og det var gode lukter. Der eg sat var det enno godt med tørt gras som då tidleg om morgonen framleis vart fuktig, og det luktar så godt. Det er lukke det, å sitje slik, høyre på fuglesong og insekt surr, kjenne angen av gras og tre, sjå sola som sig nedover fjellsidene og i tillegg ha spenninga med å høyre rypa som nærmar seg. Det vart ikkje mange rypene dei morgonane men det var gode stunder der eg kunne takke Gud for så mangt.