Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Temakveld om håp og ærleg formidling om livssmerte

Liv Reidun Hansen formidler tro, håp og livsvisdom på Stemnestaden..
Foto: Gjermund Lygre

Gjennom undervisning, song av eigenskrevne låtar og mjuk pianomusikk  tok ho oss med inn i sorga sitt landskap. Ho tok utgangspunkt i si eiga historie då mannen brått blei reven bort i ei trafikkulukke. Ho delte audmjukt og ærleg om sin veg gjennom krevande år. Samstundes formidla ho av sin kunnskap som overlege i barne og ungdomspsykiatri. Hennar kristne tru og vitnesbyrdet om Guds omsorg og nærver gjekk som ein raud tråd gjennom det heile. Ho kom ikkje med lettvinte løysingar men ho fortalde om ein farbar veg der fortviling og velsigning kan gå hand i hand. Me fekk eit innblikk i korleis dei store såra kan gi rom for at noko nytt veks fram. Som viktig nøkkel til livsglede og håp løfta ho fram det å øva seg i takksemd. 
Lune rammer med fyr i peisen, nybakt gjærbakst og friske vårfargar på borda gjorde også denne kvelden god.
Det er fint å kunna koma saman for å snakka sant om livet og gi mot til å stå livet slik det er.