Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kan tvil bli til tru?

Tvil kan vere ubehageleg å møte på livsvandringa, men den kan også vere ei moglegheit til vokster i trua og i livet.
Foto: Shutterstock

«Mitt hjarte er roleg, Gud, roleg og trygt», utbraut David midt i trengsler, og heldt fram med lovsong til Gud (Salme 57). Slik ønskjer kristne flest å ha det, men det er langt frå alltid ein er der. Eller kanskje ein aldri har fått merke Guds fred på djupet.

Kanskje hjartet eller tankane heller er fylt av rop som liknar på det vi les i Salme 44,24-25: «Reis deg! Kvifor søv du, Herre? Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid! Kvifor løyner du ditt andlet, kvifor gløymer du vår naud og trengsle?»

Korleis kan ein ha eller få tillit til Gud når vonde ting skjer, eller når gode ting ein hadde trudd ville skje, ikkje skjer? Det er viktig å reflektere og snakke ærleg om vanskelege livstema, slik at vi lettare kan vere gode medvandrarar for kvarandre når tvilen riv i ein.

Landskapet og kartet
Livet kan samanliknast med eit landskap ein går i. Bibelen kan liknast med eit kart over landskapet: den seier ein god del om korleis vi skal forstå røyndomen vi lever i og kva kurs det er lurt å velje, utan at den fortel oss alle fasitar på store spørsmål i livet eller skildrar livsreisa i alle detaljar. Tvilen kjem gjerne når ein opplever at kartet ikkje stemmer med terrenget, og til større disharmoni mellom kart og terreng, til vanskelegare kan det vere å tru at kartet stemmer med røyndomen, eller kanskje ein rettar tvilen mot seg sjølv; det er nok noko feil med meg når eg ikkje får det til å stemme.

Å lese kart er ikkje alltid så lett. Ein gong eg og to venner skulle på ein kajakktur ute ved havet, studerte eg kartet på førehand og la merke til ei lita vik vi skulle forbi. I eit elles bratt terreng, såg det ut på kartet som at der kunne det vere ei lita strand å gå i land på. Då vi kom til vika, var der ikkje små rullesteinar, men svære kampesteinar! Og med havet i rørsle, kom vi oss ikkje i land der. Eg var litt skuffa, men måtte smile over at eg hadde lagt til eigne ønskjetenkingar då eg las kartet før turen.

(Saka held fram under bildet.)

Kartet inneheldt ikkje detaljar om korleis denne vika var; det var ønskjetenkinga som sa at det var sikkert ei ganske flat vik... Men det viste seg å vere ei vik med kampesteinar som ikkje var lette å kome seg i land på.  Foto: Privat. 

Slik kan det vere når vi les i «livskartet Bibelen» også; vi kan ha filter av ønskjedraumar – eller av skuffelsar når vi les den. Med andre ord: lese det som passar inn i forventningane eg har til livet og til Gud. For gjennom livet vi har levd, har vi på ulike måtar fått oppfatningar av korleis Gud er, kven ein sjølv er og kva ein kan forvente av livet.

I kyrkjehistoria ser ein ofte at kyrkja og kristne har gått i ei eller anna grøft når det gjeld å halde saman ulike sanningar om Gud, mennesket og livet. I dag kan ein finne kyrkjer som har Gud som ein lykke-automat som skal tilfredstille mine behov, berre eg trur nok. Ein kan også finne kyrkjer som er så opptekne av å ikkje skuffe nokon, at ein unngår å snakke om at vi har ein Gud som vil oss alt godt, og som ber oss ha tiltru til han. Vi kan altså tolke kartet på ganske ulike måtar, eller oversjå det som ikkje passar inn i bilda våre.

Det vi ikkje forstår
Men har ein ikkje grunn til å tvile på Gud når ein opplever vonde ting, som t.d. foreldre som mister eit barn, ein blir djupt trakka på av andre eller ein opplever ulukke og sjukdom? Når det står så mykje om Guds godleik og makt i Bibelen, kvifor hindrar han ikkje slikt, når til og med mange har bedt? Klart ein kan tvile på Gud når vonde ting skjer, eller når bønesvar dryger i årevis. I gamle dagar hadde ein kart med område som ikkje var utfylte, fordi ingen hadde oversikt over dei områda. Der er nokre grå område også på livskartet som vi ikkje ser heilt. Bastant karttolking på «grå område» som t.d. å fastslå for andre at Gud hadde ei meining med det vonde som ramma, kan gjere tvilen unødvendig stor.

Gud er allmektig, men vi les også at «verda ligg i det vonde» (1. Joh 5,19). Paradoks? Ja, Jesus sjølv snakka om paradokset: «Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsler, men ver frimodige: Eg har sigra over verda!» (Joh 16,33) Vi forstår ikkje alt, men vi må verken gløyme at Bibelen seier vi vil møte lidingar i dette livet, eller at vi kan rekne med Guds godleik. Han kan gjere gode ting ut av det vonde vi møter (Rom 8,28). (Ei djupare drøfting av Guds allmakt og kjærleik i forhold til vondskapen i verda er det ikkje plass til i denne artikkelen. Ulike bøker innan sjelesorg omtalar det emnet, som t.d.  «Når glassflaten brister» av Torborg Aalen Leenderts og  «Når jeg ser ditt ansikt - Innføring i kristen sjelesorg» av Berit Okkenhaug.)

Når det likevel smertar at livet er annleis enn det ein kunne forvente av ein himmelsk Far som seier han er kjærleik, då er det så viktig at ein i fellesskapa ikkje berre snakkar om kartet (Bibelen), men at det også er rom for å snakke ærleg om stormen eller ørkenen ein går i i livslandskapet. Dessverre har menneske mista trua eller trekt seg unna fordi dei har opplevd lita kontaktflate mellom livet slik det er og den fine fasaden ein kan møte i kristne fellesskap.

David viser oss i fleire salmar ein veg til tillit til Gud: Ause ut både tankar og følelsar for Gud. Ikkje la slikt som tvil, bitterheit og sinne bli sittande fast i hjartet. David «konfronterer» Gud med opplevingane han har av at kartet ikkje stemmer med landskapet: «Kvifor har du gløymt meg? (Salme 42,10) Kvifor har du støytt meg bort?» (Salme 43,2) Underforstått: «Er du verkeleg god?» Sjølv om det frå Guds perspektiv såg annleis ut, var det slik David opplevde Gud og røyndomen til tider. Og Gud tolte David si klage. I ein sunn og nær relasjon er respekt for den andre sine tankar og rom for ærlegdom ein del av fundamentet. Hadde David sett lok på klageropa, så ville ikkje tilliten han også uttrykte til Gud, fått slå rot der tvilen rådde.

Kanskje David midt i klaga fekk glimt av Han som elska først, Han som ønskte å vere David sin Gud, Trøystar og Hjelpar. Glimt av nåden, av eit levande «du» som kom han i møte, ikkje ein fjern guddom. Glimt av Ein det var trygt å overgje seg til midt i smerta.

Håp når det kjennest tørt?
Fleire kan vitne om liknande erfaringar. Medan andre igjen har erfart mørke i livet som berre mørkt, utan lys og håp. Ord om ein personleg relasjon til Gud kan opplevast som tørr teori. Kvar livshistorie er unik, og ein skal halde seg unna lettvinte forsvar for Gud. Men ut ifrå sjelesorgskunnskap kan det nemnast nokre ting som generelt kan verke inn, utan at det forklarar alt: Når livet knyter seg til, kjem gjerne gamle, kanskje ubevisste, oppfatningar av Gud fram, som t.d. at han ikkje bryr seg. Dei kan rope så sterkt når dei får kome fram, at ein ikkje er i stand til å høyre anna. Eller inngrodde forsvarsmekanismar kan slå til som forsvar mot det som opplevast utrygt, men samstundes kan det også stengje ute det gode som Gud ønskjer å gje ein. Eller kanskje er smerta så sterk i det vonde som har skjedd der og då, at det er heilt naturleg at dei «åndelege antennene» er ute av drift ei god stund.

Trushistorie
Å setje ord på eiga trushistorie i ei smågruppe, med ein medvandrar/sjelesørgjar eller venn, kan vere ei hjelp til å sjå det ein kan takke Gud for, og kan hende ein kan sjå trusflokar og stormar i nye perspektiv. Ein kan ha behov for å setje ord på skuffelsar over slik landskapet vart, når ein trudde at kartet sa noko anna. Kanskje kan ein gjennom eit lyttande medmenneske få ei erfaring av Guds medkjensle.

Det kan hende ein oppdagar at oppfatningar ein har av Gud, kan handle om usanne gudsbilde andre har gitt ein, eller at eit negativt sjølvbilde har gjort det vrient å oppfatte Gud som god. Det kan vere smertefullt å ta tak i desse tinga. Men på ei slik vandring kan ei nyorientering skje, som med Emmaus-vandrarane (les Luk 24,13ff). Dei hadde nyleg sett håpet deira døy og blitt gravlagt. Sorg, skuffelse og tvil vart delt med han som vandra i lag med dei. Steg for steg fekk dei nye perspektiv på det som hadde skjedd, dei fekk skrella av uriktige Messias-forventningar - og dei fekk sjå Den usynlege med nye blikk.

Saka er henta frå Nytt frå Normisjon for Sogn og Fjordane nr 2-17.


Relatert:
 - I lyset av Guds andlet (andakt)
 - Er du interessert i samtaleopplegg for smågrupper rundt trushistorie? Normisjon Sogn og Fjordane får ta i bruk eit ferdig utarbeida opplegg for fem gruppesamlingar. Dette blir ikkje lagt ut på nettsida på grunn av opphavsretten, men ein kan få det tilsendt på e-post. Send e-post til iif@normisjon.no viss du ønskjer å få det. 
Sjå fleire andre smågruppeopplegg her.
  - Normisjon Sogn og Fjordane har eit smågruppenettverk med grupper i Eid og Gloppen kommune. Kontakt gjerne fellesskapsutviklar Vegard Tennebø; vegard.tennebo@normisjon.no dersom du ønskjer å bli med i ei eksisterande gruppe, eller vil ha hjelp og tips til å starte ei gruppe. 
  - Gjennom Holmely driv Normisjon Sogn og Fjordane eit viktig og flott diakonalt arbeid. Sjå denne sida for arrangement og info om Holmely. Her er det rom for å kome med tvil og det som er vanskeleg i livet. Det er også ein god sjanse for få å erfare rekreasjon og inspirasjon på Holmely!