Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Pusterom og påfyll

Hans Høie reflekterer livsnært om den gode balansen i livet.
Foto:

 
For andre gong inviterte Normisjon saman med Bådeoghuset til Rasteplass første onsdag i april. Her kunne ein koma inn i ein lun kafe, nyta god mat og lytta til dempa pianomusikk og livsnære songtekstar, som fekk skuldrane til å senka seg. Tema for kvelden var: Den gode livsrytmen. Hans Høie tok oss med inn i refleksjon rundt det å finna den gode balansen som gjer at livet ikkje går i minus. Han oppmuntra til å gå inn i dei gode prosessane for å få auga på kva som stel gleda og livsmot og han snakka varmt om å ta ansvar for eigne valg. Mange kjende seg igjen i hans livsnære undervisning og gav utrykk for at me treng slike arenaer der ein snakkar sant om livet og kan få hjelp til å stå i kvardagens utfordringar. Det vart også informert om veiledningstilbodet som Normisjon har gjennom Fermate på Bådeoghuset, og det blei oppmuntra til å ta kontakt for å få samtalar her.