Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Markerte 150 års-feiring og satsing framover på årsmøtet

150 års-feiring!
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Årsmøtet starta med gudsteneste der Vegard Tennebø var liturg og generalsekretær Anne Birgitta Langmoen Kvelland talte over temaet «For at du skal kjenne at jeg er Herren» (Jes 45,3). Ho trekte linjene tilbake til Abraham og løfta han fekk, og heldt fram at dette er starten på vår forteljing. Når Gud gir løfte og forsikrar om at han vil halde dei, viser han tilbake til seg sjølv, det einaste faste haldepunktet i verda; «Eg er Herren».

Stor aktivitet i liten region
Det var ingen ekstraordinære store saker under dette årsmøtet. Men dei mange årsmeldingane avspeglar ein stor aktivitet i Normisjon i fylket. I folketal er Normisjon Sogn og Fjordane mellom dei minste, men arbeidet er omfattande. Regionen eig to folkehøgskular; Sunnfjord og Nordfjord, to leirstadar; Teigen og Fjordly, retreatsenteret Holmely, Innvik Fjordhotell, Fjordly barnehage og Solvang barnehage (siste høyrer til Sunnfjord folkehøgskule). Ved regionkontoret på Sandane er det i dag seks personar som jobbar i heil- eller deltidsstillingar.

Nytt regionstyre
Årsmøtet valde nytt regionstyre. Kari Rygg Leirgul frå Vereide vart attvald og ny i styret kom Liv Årdalsbakke Bruland frå Førde. Regionstyret har etter årsmøtet slik samansetting: Svein Ottar Sandal; styreleiar (Sandane), Kari Rygg Leirgul (Vereide), Liv Årdalsbakke Bruland (Førde), Anne Kristin Gunvordal (Sogndal), Magnus Årseth (Vassenden), Agnar Ullaland (Naustdal), Ane Marte Warvik; representanten til Acta (Førde).

Kjell Magne Birkelund gjekk ut av regionstyret, men vart vald inn i valnemnda.

Acta - barn og unge i Normisjon hadde også sitt årsmøte. Her vart Rune Tøsse attvald som leiar og nye i styret vart Frida Bjørnereim; Byrkjelo, og Maria Lade; Måløy.

Festmøte med mykje inspirasjon
Under festmøtet fekk ein mange ulike glimt frå arbeidet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mellom anna fortalde fire jenter i 15-17-åra kva leirarbeidet og Soul Children-kor i Acta-regi betyr for deira kristne tru, og den nye regionleiaren i Normisjon Sogn og Fjordane vart presentert: Jesper Backer Lemming frå Vereide. Han er i dag lærar ved Nordfjord Folkehøgskule og har i tillegg også økonomisk administrativ utdanning frå Høgskulen på Vestlandet. Han kjem opphavleg frå Hobøl, men har dei tre siste åra jobba på folkehøgskulen. Lemming har kjøpt seg eit lite småbruk på Vereide og skal kombinere dette med regionleiarstillinga.

Solveig Orheim Nome har gått av med pensjon, og fekk stor takk og ære for tenesta ho har hatt i Normisjon over mange år. Ho var først husmor på Fjordly, deretter styrar på same staden, før ho seinare gjekk over i ei forkynnarstilling i regionen. 

Generalsekretæren inspirerte forsamlinga på ny med tale over temaet: «Det gamle er borte, se, det nye er blitt til» (2. Kor 5,17). I denne tala snakka ho om at Gudsrikets krefter er til stades, men også at vi lever i ei spenning mellom det nye og det som endå ikkje er fullkome.

Nærmare 30 000 kr kom inn i kollekt til regionen under årsmøtet, inkludert foreiningsgåver.

Jubileumsfest også fredagen
Anne Birgitta talte også på festmøte på Sandane bedehus fredag 21. april. Det var stappfullt hus, god forkynning, flott lovsong og mykje god mat.

I tillegg heldt Acta ungdomsmøte på Sunnfjord folkehøgskule same kveld. Rune Tøsse talte, det var god lovsong og fint fellesskap.

Staben i regionen ser tilbake på ei veldig flott årsmøtehelg saman med mange gode medspelarar/medarbeidarar, i arbeidet med å gje "Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag!"