Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kva med jordskjelvofra?

Frå bambushytte til nytt hus.

I Okhaldhunga distrikt var 18 000 av 32 000 hus skada slik at ein ikkje kunne bu i dei. Då me var i Nepal hausten 2016, fortalde ambassadøren at altfor mykje framleis stod på bok og altfor mange hadde ikkje fått hjelp. Målet er at alle skal få 25 000 kroner som ein kapital frå staten. Det er ikkje mykje pengar, men dei deler dette ut i porsjonar etter kor langt hus er restaurert eller nybygg er på veg. Elles vil fattige bruke pengane på andre ting.

Kva med Okhaldhunga sjukehus og jordskjelvofre?
Fantastisk mykje godt arbeid vart gjort ved mottak av sjuke og skadde personar. Huslause fekk presenning og litt nødvendig mat og medisinar. Men ein oppdaga også mange som var så fattige at dei ikkje eigde jorda dei hadde sett opp «hus» på. Hadde dei ikkje husgrunn, kunne dei heller ikkje få støtte frå staten. Heilt hjelpelause.

Okhaldhunga sjukehus har arbeida med distriktshelseteneste. Då har dei bygd relasjon til kommunar og landsbyar, fått orden på helsetenester på ulikt vis og helsestasjon som kan gje medisinar eller sende til sjukehus. Ein stor tillit er bygd opp. No nytta dei den til å ta opp problemet med dei jordlause. Landsbyen var med og plukka ut kven som var mest trengjande og ordna med kjøp/registrering av hustomt. Sjukehuset sine utsende hjelpte med papirarbeid, og Jordskjelvfondet (bygd av gåver frå Norge), gav tilskot til materialar. Den fattige huslause fekk vere med å byggje huset sitt så jordskjelvsikkert som ein kan få til fleire dagsmarsjar frå næraste bilveg. Til slutt fekk huseigar bevis på at han hadde bygd jordskjelvsikkert hus og dermed var «utdanna» til å vere med på andre byggeprosjekt. Fantastisk!

Sjukehuset hadde nett hatt besøk frå fylkesadministrasjonen og frå fleire kommunar. Desse fattige huslause kom opp som tema og sjukehuset sine folk informerte korleis dei no hadde nytta regntida til å gjere avtalar for slike hus til 23 huslause familiar. Då såg desse fylkeskommunale på kvarandre. Dei måtte forsikra at dei høyrde rett. Dei hadde arbeida med dett i over 40 år og ikkje fått til nokon avtale og så hadde sjukehuset makta 23 hittil?!!

Dette er Normisjonsarbeid til å vere kjempestolte av! Kristin og Erik Bøhler saman med den gode staben ved sjukehuset, gjer ein så fantastisk jobb at me rett og slett ikkje greier fortstå det til fulle. No i ettertid, ser ein at stadig fleire bruker desse husa som modell når dei bygger sitt hus, både materialval, konstruksjonsmåte og romløysing. Årsaka er at dette er enkle hus som er sikta inn for at også fattige skal kunne bygge langt frå næraste veg. Dette syner at hjelpa til jordskjelvofre har også vore hjelp utover eige hjelpearbeid!