Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Imponerande innsats frå folkehøgskuleelevar

Actaleiar, Stine Hopland, saman med bistandskommiteen
Foto: Katarina Aabrekk

På avslutningsfesten på Nordfjord Folkehøgskule, laurdag, 6 mai, kunne ein glad og takknemleg Actaleiar ta imot ein stor sjekk frå elevar ved skulen. Gjennom året har elevane hatt som bistandsprosjekt å samle inn pengar til Okhaldhunga sjukehus i Nepal, og ved å mellom anna arrangere bistandsløp og bistandscasino blei det endelege resultatet i overkant av 333.000 kroner. Bistandskommiteen har hatt eit særleg ansvar for gjennomføringa. Vi er mektig imponerte over innsatsen og svært takknemlege for pengane. 

Okhaldhunga sjukehus er det einaste sjukehuset i eit område med over 250 000 menneske. Sjukehuset er drive av United Mission to Nepal, med Normisjon som ein viktig støttespelar. Dei norske utsendingane, Erik og Kristin Bøhler, jobbar ved sjukehuset og bidreg med brei kompetanse. For tida driv dei med utbygging i Okhaldhunga for å utvide kapasiteten, og pengane som er samla inn kjem svært godt med i dette arbeidet. 

Gjennom desse pengane er elevane ved Nordfjord Folkehøgskule med på å bygge opp helsetenester for fattige og marginaliserte menneske, og å gi sjuke og funksjonshemma eit verdig liv. Eit år på folkehøgskule byr på mykje kjekt og spennande - og ikkje minst er det mange turdøgn. Då syns vi det er det ekstra flott og inspirerande at elevane også har hatt lyst til å bruke av tida og energien sin på å hjelpe andre. Igjen: Tusen takk!