Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ei ecuatoriansk kyrkjemoder

Fire generasjonar kyrkjegjengarar i Paute
Foto: Åse Røsvik

Heilt sidan dei første misjonærane kom til byen, har Olivia vore med i kyrkja. Då fødte ho den yngste av dei 9 barna sine, Freddy, for 42 år sidan, var det ei oppleving som var avgjerande for trua. – Vi var nær døden både eg og han. Men Gud greip inn. Det har gitt meg ei trygg tru på Gud si makt, fortel Olivia. Denne trua har ho ført vidare til nye generasjoner – litt slik som Lydia i Filippi som inviterte Gud inn i livet sitt, og Paulus og hans følge inn i heimen sin.

Opp gjennom åra har kyrkja vore gjennom bølgedalar. Migrasjon har ført til gjennomtrekk, både av medlemmar og leiarar. Dei siste åra har pastor Cesar hatt ansvar for kyrkja. Han bur i nabobyen, Cuenca, og reiser jevnleg til Paute. Den siste tida har han halde medlemskurs. Rett før jul var det fest då heile 12 medlemmar vart tekne opp i kyrkjelyden. Mellom desse er fire av Olivia sine barn og fleire barnebarn. – Litt etter litt blir dei med, smiler Olivia og legg armen rundt eit av oldebarna som kjem ned frå loftet der søndagsskulen held til. I tillegg til denne «naturlege kyrkjeveksten»  vert også venner, kollegaer og naboar invitert til kyrkja. Ei frukt av dette er familien Alba med mor, far og to døtre i tjueårsalderen.

– Eg har halde ut og venta på Gud. No har vi pussa opp og har ei fin kyrkje der vi kan be med oss nye.  Så må vi vera tålmodige og gi dei tid til å bli kjent med Gud, seier Olivia. Draumen er sjølvsagt at kyrkja skal få sin eigen pastor og eige leiarskap.

 Barnebarnet Irene blir med i samtalen. Ho fortel at kyrkja er hennar andre heim. – Her kjenner eg kvile og kan legge av meg problem, seier ho. Saman med mann og tre barn møter ho trufast til gudsteneste. Mannen og onkel Freddy får for tida lederopplæring av pastor Cesar. Håpet er sjølvsagt ei kyrkje i vekst. – Eg drøymer om ei kyrkje med 100 medlemmar, ler Irene, ein av arvtakarane etter kyrkjemoder Olivia.