Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Terje Ueland til minne

Terje Ueland
Foto:

Så er han borte, han Terje. Søndag 14. mai sovna han stille inn, med Solvor og dei nærmaste omkring seg. Om vel ein månad ville han fylt 74 år.  24. mai vart han gravlagd ved Time kyrkje, og både i kyrkja og på minnesamveret på Saron var mykje folk samla for å ta avskjed med Terje. Med ord var mange med og laga eit fint bilete av Terje. Vi såg gutungen på Hinna, den aktive ungdomen,

familiemannen med kone, barn, barnebarn og oldbarn, vi såg postmannen Terje i forskjellige stillingar på fleire stader i landet, Rogaland, Nesbyen, Odda, Førde og til slutt Rogaland igjen. Vi såg misjonsmannen som fann sin plass i kyrkje og bedehus der han for fram, og som villig tok oppgåver og ansvar i misjonsarbeidet.

Han som skriv dette møtte Terje på fleire plan i Indremisjonsselskapet/Normisjon. Som krinssekretær og regionleiar møtte eg Terje som krinsformann og leiar i regionstyre. Han hadde alltid sett seg godt inn i sakene og møtte godt forberedt. Han var ein effektiv møteleiar, og om nokon snakka seg ut på viddene kunne han ganske kontant henta dei inn att. Ikkje alle likte dette, men eg var veldig fornøgd med det. Eg møtte Terje som foreningsleiar, og då ein leiar som ville ha planane klar i god tid. Som pensjonistar var vi saman i Galleri Normisjon sin bruktbutikk på Sandnes, og vi sto saman som fritidsforkynnarar for Normisjon. Og når vi møttest heime i stovene hjå kvarandre til songøving saman med konene våre, og «kvartetten» drog ut til møter i distriktet, ja, då kosa vi oss saman.

Nå er alt dette forbi. Terje er «forfremmet til herligheten», og derfor er det ikkje den djupe sorga som rår. Men det er ein tom plass og djupt sakn for mange, og då aller mest for Solvor og dei næraste. Vi takkar for det Terje var for oss alle, og ynskjer lys og fred over minnet.