Fjordly Ungdomssenter

Fjordly Ungdomssenter ligg idyllisk til ved Nordfjorden, like vest for Bryggja i Vågsøy kommune.


 

På Fjordly har vi leir, weekendar, treff og andre misjonssamlingar. Men vi tek også imot kurs, konferansar, brullaup, åremålsdagar, minnestunder og andre samlingar på bestilling.

Hovudbygget er på 650 kvadratmeter og består av
Peisestove, med plass til 25 personar
Møtesal, med plass til ca. 100 personar
Matsal, med plass til ca. 100 personar
I tillegg til dette har vi 2 grupperom i tilknyting til møtesalen og matsalen. Slår vi saman alle salane, vert der ca. 250 sitjeplassar.

Overnattingsromma er fordelt på 6 hytter, derav 2 nye hytter. Éi av dei nye hyttene er ei stor vinkelhytte med stove i midten. Romma er 5-6 sengsrom i tillegg til ein del dobbeltrom med dusj og wc på romma. Nokre av hyttene har også ein mindre kjøkkenkrok.



I hovudbyggjet har vi billiard, bordtennis, jakkolo og mange spel tenkt til fritt bruk for leirliv.
Vi har også ei mindre bønehytte, eit lite, lunt bygg med sine karakteristiske 6 kantar.

Uteområdet er prega av vakker natur og mange moglegheiter. Fjordly ligg på ein holme med veg til fastlandet, og her er både badeplass og flytebryggje med 2 Steadybåtar, 2 Pionerbåtar, robåtar, 3 kanoar og 2 kajakkar, og rikeleg med redningsvestar. Vi har store plenareal og ei fotballbane, nett til volleyball, tennis og badminton, bålplass med grillgrue og mykje, mykje meir.
Frå Fjordly er det kort veg til turstigar og fiskevatn.
Ta turen til Fjordly!

Sjå og fjordly.no, les meir om leirane (og sjå bilete) på sidene til Acta Sogn og Fjordane eller meld deg på leir her!


Fjordly Ungdomssenter vart innvigd i pinsa 1973 og seinare påbygd i 1984. I 2011-2013 vart 3 av overnattingshyttene totalt fornya (2 av hyttene vart bygd opp att som éi vinkelhytte). Dette fotoet er frå 40-årsjubileet i 2013.

Faste arrangement:
Kvar fredag kl. 11.30-12.30: Bønelunsj. Oppmøte i loftsstova på Holmely. Ta gjerne med matpakke. Vi går til bønehytta og ber ca. kl. 12.00.
Siste torsdag i månaden: Pensjonistdag

Storsamlingar (for både små og store) to gongar i halvåret. 


Tilsette:
Dagleg leiar: Marte-Iren Lade 
Husmor: Heike Wallach

Kontaktinfo:
Fjordly Ungdomssenter
6711 Bryggja

Tlf: 57 85 32 25 
E-post: fjordly@normisjon.no
Kontonummer: 3000.19.26310
Kontonummer for hytteprosjektet (nye hytter): 3000.25.40912
Kontakt Normisjon Sogn og Fjordane dersom du vil bli fast gjevar til hytteprosjektet.