Holmely

Ein jordnær plass med open himmel


Velkomen til Holmely i Nordfjord!

Holmely er ope for overnatting i sommar. 
Sjå kontaktinfo under.

Haustprogram:

25.-27. august: BØN- OG LOVSONGSHELG 
v/Heidi Strømsmo og Eva S. Langseth

26. august kl. 18: BØN OG LOVSONGSSAMLING; «Saman for Hans ansikt»
Opa samling på helgearrangement. Pris: 200,- Påmelding innan onsdagen før

9. september kl. 10-15: BIBEL, BØN OG STILLHET – ein retreatdag for hektiske og travle menneske

19. september kl. 19: SONGKVELD ved Harry Andersen (NB! Flytta frå 26. til 19. september)

20.-22. oktober: FELLESSKAPSHELG ved Harry Andersen 
Laurdagskveld OPEN SONGKVELD kl. 19.

27. oktober kl. 18-21.30: BØN OG LOVSONGSSAMLING; «Saman for Hans ansikt»

17.-19. november: RETREAT «Kom heim!»
Retreaten blir leia av Rune og Eva Langseth. Målgruppa for retreaten er unge vaksne, så vel ein sjølv om ein er ung nok eller gammal nok i den kategorien.

24. november kl. 18-21.30: BØN OG LOVSONGSSAMLING; «Saman for Hans ansikt»

2. desember kl. 10-16: STILLE DAG i advent

9. desember kl. 10-15: BIBEL, BØN OG STILLHET – ein retreatdag for hektiske og travle menneske
   

Sjå Holmely på kartet. 
Koordinatar: 61°55'43.6"N 5°23'17.2"E

Kontaktinfo
Holmely omsorg og retreat 
6711 Bryggja
Tlf.:  57 85 34 25 
E-post: holmely@normisjon.no

Eigar: Normisjon region Sogn og Fjordane 

Holmely ligg som ei perle i sjøkanten, like ved riksveg 15 på Bryggja i Nordfjord, med flott utsyn mot fjell og fjord og skogkledde holmar. 11 rom (enkle og doble) med god standard. Måltida vert servert frå eige kjøkken: God heimelaga mat.  

HOVUDTILBOD

 
Retreat 
Trekkje seg tilbake, bruke tid i stillhet 
for å bli betre kjent med seg sjølv og Gud. 
Få hjelp til å vandre med kvilepuls. Tid til å vere stille og be. 
Faste samlingar i kapellet. Bibelmeditasjon. Stille måltid med musikk. 
Tilbod om sjelesorg/åndeleg vegleiing.
 
Temadagar / helgar / kurs
Inspirasjon og fornying for kristenlivet og kvardagen. 
Gode tema-haldarar med livsnære tema. 
Det er godt mogleg å ha selskap med dei andre gjestene, like gjerne som ein kan trekkje seg tilbake i stillhet når det kjennest best. Ein kan fritt bruke loftsstove, kapellet og bokhyllene. 
PS: Holmely er ikkje ein behandlings-stad, men kan ved mange høve vere eit supplement til anna hjelp.

Omsorg og livshjelp
Medvandring - høve til sjelesorg/ samtale/ forbøn.
Tid for avkopling og tilkopling.
Individuelle opphald. Ta kontakt!

 

Bøn
Bønelunsj fredagar (med unnatak av skuleferiar) 11.30 – 12.30; vi et ilag, drikk kaffi og ber for staden, regionen og kvarandre (ta med matpakke).
Bønedagar: åndeleg påfyll, lovsong, felles bøn, bønevandring, høve til personleg forbøn. 

Enkeltgjestar, grupper og lag / Ferie:
Enkeltgjestar og feriegjestar er velkomne, etter nærare avtale.
Holmely kan òg leigast av grupper og lag som ynskjer ha eigne arrangement.
Vi har sengeplassar til ca. 20 personar. 
Rikeleg høve til å bruke naturen frå fjord til fjell.
Kort veg til Stadt, Selje og Vågsøy med mange naturperler og historiske stader.
Holmely er medlem i Norske Misjonshoteller. 



Dei tilsette
På Holmely vil du møte, i tillegg til dei som spesifikt er nemnd i eventuelle arrangementprogram, husfolket. Desse har sjølvsagt teieplikt. Dei står til din disposisjon under opphaldet ved Holmely.
Dagleg leiar: Eva S. Langseth.
Velkommen til oss!           
 
Lik Holmely på Facebook - då held du deg oppdatert om arrangement og nyhende frå Holmely. www.facebook.com/holmely 

Kontonummer: 3000.14.72204. Takk om du vil gje ei gåve til Holmely!  
   
Reise til og frå Holmely