Bygging og jobbskaping

20 oktober 2016

På slutten av forrige veke reiste eg på nytt til Jama, ei lita kommune nord i provinsen Manabi. Denne provinsen vart hardt ramma av jordskjelven i april i år. Saman med Anne Lise Haugland Valdez, som er journalist, møtte eg folk eg har blitt kjent med  tidlegare: Pastor Servio, Wilmer frå kommunekontoret, familien Sambrano. Og vi møtte folka organisasjonane vi samarbeider med for å nå fram med  hjelpearbeid i området.

 Saman med Habitat for Ecuador besøkte vi fleire familier som har søkt om bolig gjennom eit boligprogram Normisjon støtter. Roberto frå Habitat har synleggjort samarbeidet i form av eit banner med logoen til dei to organisasjonane. (Pastor Servio til venstre og Roberto til høgre ).2 familier er alt  igang med bygging,og 4 til er iferd med å levere inn sine søknader. Også i nabobyen Pedernales er det 3-4 familier som ynskjer hjelp til bolibygging.

Fleire familier står på venteliste for bolig i eit av regjeringa sine byggeprogram. Ikkje alle er like heldige. Fortsatt bur mange i teltleirer. Ein av leirane har eg besøkt før. Då budde 30 familier der. No er  det 15 familier igjen. Dei kjenner seg litt gløymde.Ting har stansa litt  opp, og ventetida blir lang. Men mennene er ute på fiske i småbåtane sine. Kvinnene og barna blir glade over matposane som blir delt ut denne gongen også. Det er utfordrande å finne inntektskjelder og skaffe mat på bordet. Eit par sydamer vi møtte kan fortelle om mangel på oppdrag.Andre utgifter er viktigare enn å fiffe på garderoben.

 Wilmer Muñoz har starta bygging av hus for seg og kona,  og gler seg til huset står ferdig om 6 veker.

 

Desse to søskena blir glade over matposen dei får. Mor deira leigde butikklokaler  tidlegare. No har ho åpna kiosk og middagsservering på si eiga lille tomt. Den lille familien har snekra saman eit lite soverom med plastpressing over. Dei ynskjer også å bygge hus gjennom Habitats husprogram.

 

I heimen til familien Sambrano blir vi bedt inn på kaffi og rykende ferske yuca-brød. Gjestfriheten er stor og praten går om datra si utdanning, om dagmammajobben og bygginga av nyehuset. Saman med Roberto frå Habitat ser dei gjennom søknaden (bildet). Far i huset jobber sjølv som bygningsarbeider, og har alt starta på gjenoppbygginga av huset dei mista. Gjennom Habitat/Normisjon vil han no finansiere sluttføringa av den nye bustaden.

 

 Vi besøker fleire familier som har ordna seg med midlertidige løysinger for å ha tak over hovudet. Det fungerer så lenge det er tørt, men når regntida set inn må det meir solide strukturer til. Her hos pastora Nieves i Pedernales ser vi endå stovegolvet frå gamlehuset. Då folka frå regjeringa sitt byggprogram var på besøk, fekk familien beskjed om at tomta var 50 cm for smal !! Det er det vanskeleg å gjere noke med, så no har vi formidla kontakt med Habitat,- som er meir fleksible. Heldigvis!

Godhetsfestival over ei heil veke.

Anne Lise og eg vart invitert av den lokale pastoren til eit kveldsmøte. Det viste seg å vera  avslutninssamling for 100 frivillige frå organsasjonen«Proyecto America». Dei har bygd små trehus, tilbudt tannstell med provisorisk utstyr, og medisinsk hjelp. Dei har halde kurs i tegnspråk for familier med hørselshemma, og rett og slett tilbudt masseasje og manikyrebehandling. Denne kvelden gav enkelte av dei vitnesbyrd om nyomvendte og om gleda ved å delta i tenesteoppgåver. Det var berre flott å delta i lovsangen og bli kjent med gjengen som hadde reist til Jama frå Argentina,Uruguay,Chile og Brasil.

Frivillige frå dei lutherske kirkene og Normisjon

Byggeprogrammet legg opp til frivillig innsats både frå Ecuador og utlandet. Slik blir husa rimlegare og gode band knytte. No når bygginga er igang håper vi å mobilisere frivillige frå dei lutherske kyrkjene til innsats i ferier og/eller helger. Folk frå kyrkja Paz de Dios hatt dugnad hos svigersønnen til Pastor Servio. Kanskje får vi team til Jama frå Norge også?

 Frisørkurs og fullt utstyrt frisørsalong.

Ein annan av organisasjonane vi støtter, Tacita Caliente, har arrangert praktiske kurs for to grupper kvinner, i byen Pedernales og bygda El Chorrero ved ei lita Stillehavsstrand. Begge stader har faglærte frisører undervist i hårstell , klipping og farging og stell av negler. Kvinnene forteller entusiastisk om kor kjekt det var å samle seg for å lære.

 

Dei har fått hjelp til å bygge «Frisørsalong» og no har dei planlagt å   fordele arbeidstida mellom seg, slik at alle får praktisere og tjene ein slant. Tacita Caliente donerer nødvendig utstyr.  Frisørstoler og steriliseringsovn, hårføner ++++ Det vil sei: Det er det grupper og personer frå Norge som gjer, men Tacita Caliente har sørga for å sette hjelpearbeidet ut i praksis. Det er flott å stå saman om å gjere ein forskjell! På bildet under intervjuer Anne Lise frisørlæraren. De kan lese meir om jjordsjkelvkatastrofa og gjenoppbygging i  komande nummer av Agenda 3,16.

 

2 sentrale leiarar i Tacita Caliente, Christian og Rebecca. Her blir vi servert festmat : Hummer og ris!

 

 

Teltmøte på 4300 meters høgde

21 juli 2016

Fantastisk utsikt frå 4000 meters høgde 

Han som talte på åpningsmøtet torsdagskvelden heldt det gåande i 2-3 timer, til midnatt, så  det kom vel under kategorien evangelisering.  Men fredagskvelden auka det på med deltakarkor frå fjern og nær, 23 kor og grupper deltok med musikkinnslag til langt utpå nettene. På denne høgda blir det gjennom-trengende kaldt  når sola går ned, men inne i teltet er folk godt kledde med poncho over ytterjakka og to lag ullskjørt. Dessuten blir det lunare dess fleire som fyller opp. På søndagen talte arrangørane opp mot 1500-1600 mennesker inne i møteteltet.

Men kaldt er det,og vakkert broderte klesdrakter blir lagt lag på lag for å halde varmen. Og så står folk tett i tett.

Hausten er moden

Det er slåande vakkert oppover fjellsida til dei to nabobygdene Shushilcon og Pachamama chica. Korn- og  poteter, og blomstrande åkrar med bønnestengler klartrer oppover fjellet i avstemte lappetepper. Jose Dutan er pastor i begge bygdene. For nokre veker sidan møtte eg han då eg besøkte barneskulen misjonen støtter. Jose var forventningsfull då han snakka om det komande arrangementet. « Eg trur vi vil få med oss nye» sa han. « Det er fleire som spør om dei forandringane dei ser etter at vi vart kristne». Så summerte han opp : « Vi var slavar av arbeidet på markane til jordeigaren og vi var slaver av alkohol. Etter at evangeliet kom tar vi vare på familiene våre, slik Gud viser omsorg for oss.»  Den første forandringa kom då indianarfamiliene i felleskap kjøpte jorda dei arbeidde på og delte den mellom seg. For eit par  år sidan var pantelånet nedbetalt. Dei siste åra med vannforsyning har gitt småbøndene 2 avlingar i året. Og no prioriterer familiene skolegang for barna,og klesdraktene er pynta og velstelte. « Slik var det ikkje før,» seier Jose.


Jose Dutan er pastor i 2 bygder, Shushilcon y Pachamama chica, her gir han eit resyme av bibelundervisninga på formiddagen, på kichwa.

Kven skal vi sende?

På grusvegen som klatrer i sikk sakk mellom dei to bygdene møter vi små saueflokker som blir ført  til beite av gjeterjenter og gjetergutar. Kirka sine kor kan fungere som eit  «mål» på aktiviteten. Og kirka til Jose har 2 damekor .Det siste året har over 30 ungjenter danna sitt eige ungdomskor. På teltmøtet i Pachamama chica stiller kirka med eit «splittert nytt» mannskor.

Der på benken, med utsikt over mognande kornåkrar fortalte Jose om draumen han har: « Vi har snakka om det, vi som var med frå starten, at no er det på tide å tenke på misjon. Vi ønsker å finne ein arbeider som kan gå med evangeliet til nye bygder.»

Det er berre kjempeflott å høyre kor kvardagsleg Jose kan snakke om eit stort evangeliseringsprosjekt.. Dei har kanskje nokon dei kan utfordre. Menigheten er stor! På over 100 familier. No studerer ein av ungdomane på det lutherske seminaret i Peru. Og sønnen til Jose er 20 år og nettopp ferdig med videregåande. " Han seier at han vil bli pastor", fortel Jose. "Han vil også ta utdanning i teologi. No er han med i talerkorpset i kirka".

 Evangeliseringskampanjen vart arrangert midt i innhaustninga. Så mange jobba på markene til det vart mørkt.

Nye blir kristne 

På evangeliseringskampanjen tok 3 nye imot Jesus . 2 ifrå Pachamama chica og 1 frå Shushilcon.  Og veldig mange søkte forbønn og fornying,- eller « forsoning» som det blir kalt i indianerkirkene. Då ber dei kvarandre om tilgjeving for krangel og konflikter,  og søker  forbønn og forsoning med Gud.

Denne lille jenta bar Bibelen inn under åpningsseremonien. I desse bygdene blir gjerne heile familien med når foreldrene blir kristne.Mottoet er at: "Eg og mitt hus ,vi vil følge Herren" . 

Samhald  i bygda

Den lutherske menigheten i Pachamama chica er godt fornøgde med møteserien desse 4 dagane. Og spesielt framhever dei støtta dei fekk frå medlemmane i baptistkirka i bygda. Dei stilte både som medarbeidarar og med økonomiske bidrag .« Det var dette vi håpte på,» fortel pastor Jose. «Som kristne må vi stå saman  i lovsang til Gud.»

Damekoret i vertsmenigheten deltok med korsang under åpninga.

Jordskjelv: Kirkene er med i den nasjonale dugnaden

27 april 2016

Det er imponerende å sjå den dugnadsånda som pregar Ecuador i møte med jordskjelven som ramma landet for knapt to veker sidan.  Frå første dag strøymde folk til innsamlingspunkt som vart oppretta i alle byer , med plastposer fulle av matvarer  og hygieneartikler,  madrasser og  pressening. Og mange blei med på sortering og pakking av standard-pakker. Hundrevis av lastebilar har reist inn med hjelpesendingar til dei to provinsane som er hardast ramma . Også medlemane i dei lutherske menighetene er solidariske. Og raskt dukka ideen opp om  at "Den lutherske familia" kan vera  aktør inne i jordskjelvområdet. For sjølv om dei større byane raskt vart forsynt med mat og ulike slags ekspertar, venter mange i utkantane  på at hjelpa også skal nå dei. 

Leiarane i kichwakirka samla i Store studio for å planlegge innsamlinga til Jordskjelvområda.

Kichwakirka samla for å organisere hjelp.

Mandag var det møte  i Store Studio i Radio la Voz de Ingapirca. Leiarar i lokale kirker møtte opp, saman med leiing og tilsette ved radioen. Praten gjekk om jordskjelvet den 16. april, og om bygdefolket som alt hadde støtta opptil 4 ulike innsamlingar  i kommune,bygdelag, skule..... Var det mogeleg å samle inn meir? Var ikkje folk trøytte no?  Hadde vi forresten høyrt det var folk som stjal av sendingane og solgt til lokale butikker inne i området? Det er alltid nokon som gjer seg rike på andres nød,- sukka pastorane. Og Sosialdepartamenetet  har forresten gjort ein god jobb. Der har dei eit nettverk. Kva kan vel vi gjere? Slik gjekk praten.

Planlegging

Så starter planlegginga. Felipe og Adela har deltatt på eit fellesmøte med andre lutherske organisasjoner i Guayaquil. Dei kan fortelle at det no blir koordinert ei fellessatsing gjennom Bibelinstituttet sin leiar, og at tanken er å reise inn med hjelp i heile mai, kanskje lenger. Saman med pakker med nødvendig hjelp er det meininga å gi oppmuntring,-  kanskje arrangere barnemøter med dukketeater,- kanskje vera med på opprydding, - kanskje sende inn eit lite legeteam av frivillige leger i menighetene.  Fleire hadde idear om oppfølging langt utover dei første månadane, men akkurat no er det l viktig å vise solidaritet !

Mobilisering for innsamlinga

Folk må få informasjon rundt omkring i kirkene, seier pastor Camilo.  Vi må organisere besøk med motivering.  Men når?  Første arrangement er ein festivalen i den lille bygda Sidsid . Der må ein av pastorane inn med informasjon. Og 8 mai er det felles Morsdagsfeiring i Sentral-kirka. Då kan alle lokalkirkene levere inn sine innsamlingar til Felipe på kontoret hans. I bygda Shushilocon har dei alt gjort klar en eller to sekker med tørka bønner. Så lurt det ville vere om alle leverte jordbruksvarer frå eigen produksjon ! Tørka bønner, mais, poteter.

 Felipe Guaman  har ansvar for mottakssentralen i kirka, og Rafael Allaico koordinerer informsajonsarbeidet.

Allierer seg med radioen

Ettersom vi satt midt i Store Studio med radiosendinga igang  rett bak veggen, vart behovet for å spre informasjon og for å motivere fokusert spesielt. Radioen er ein god alliert.  Carlos og Martin gir kirka frie tøyler til å sende små PR-spot, og  til å lage eigne radioprogram fram mot innsamlingsdagen. Og Rafael Allico tar dei på ordet. Der og då blir sendetida fordelt på 7-8 lokale leiararsom skal lage  halvtimes program  kvar ettermiddag. Innhald: Forkynning,Informajon og motivasjon med lovsang. Så er det i boks. Dagen etter er programplanen sendt ut på Excel-ark.

Radio-overført gudsteneste.

Og radioen lover reporter til å dekke sjølve innsamlinga søndagen den 8. Ja, kvifor ikkje overføre gudstenesta også ? "Kirka blir full" lover Carlos frå radioen. "Men de må lage ein god programplan, med fokus på mødre og familier i det jordskjelvramma området. "  Slik blir  morsdag og innsamlingsdag kombinert dette året.  Og det er planer om at 1-2 av pastorane og kanskje ein reporter, blir med sendinga ned til Guayaquil og kirka Arca de Noe for oppsamling og transport i lastebilar inn til hjelpetrengande i området. Folket skal få vite at det nytter! Og sjå at hjelpa høyre at hjelpa kjem fram!  

Når kichwa-kirka går igang, gjer dei det skikkeleg. Kaaanskje famner dei vel vidt. Men å ta eit løft,det er dei gode til ! DUGNAD er kichwakulturens spesialitet. 

Carlos Ojeda arbeider i radioen,og lover full støtte til innsamlinga.

Gi en gave til Ecuador:

1. Benytt kontonummer 1503 02 13537 og merk beløpet med "Jordskjelv i Ecuador" eller prosjektnummer 12277265.

2. Send SMS med kodeord ECUADOR til 2160 (200 kroner)

3. Vipps ønsket beløp til Normisjon og merk beløpet med "Jordskjelv i Ecuador" eller prosjektnummer 12277265. Skriv gjerne også ditt navn og adresse på Vipps for mulighet for skattefradrag.

4. Gi med kort her

Nye tider og stengt misjonskontor

26 mars 2016

 

Då er misjonens Ecuador-kontor stengt. Februar var det reine vårreingjeringa, med pakking og kasting og garasjesalg. Kontorlokala har opp gjennom dei siste 30 åra husa ledertreningskontor, studio for programprodukssjon, administrasjon og regnskap og mange misjonærkontor. Lokala hadde 6 kontorplassar på det mest aktive.  Og vi fann spor etter det meste.

Fleire utdaterte filmframvisarar som hadde si glanstid då Jesus-filmen vart vist i kirker og bygder. Artiktekt-teikningar,mellom anna for leirstad og klinikk. Referatboka for «utstyrskomiteen» sine møter. Brevveksling mellom heimeleiinga og misjonsfeltet frå den tida hastesaker vart sendt med fax, og resten kunne vente til posten kom fram...  Og vi fann sjølvsagt personlege rapporter, årsrapporter, planar og evalueringar, som uttrykkjer masse engasjement og gode planer for misjonsarbeidet i Ecuador.

No er det historiske arkivet lagra med eit løynleg  håp om at «nokon» kan samle og skrive ned viktige misjonshistoriske hendingar  slik at vi ikkje blir historielause, bokstavleg talt.

Normisjon fortsetter støtta til Ecuador.

Det kan høyrest dramatisk ut med stengde kontor, men stenginga er først og fremst signal om ei ny fase. Her om dagen fekk eg e-post frå ein av dei nasjonale leiarane. Han lurte på korleis samarbeidet med Normisjon skal bli ivaretatt frå mars. Og eg svarte (endå eingong) frå heimekontoret, med eit par uåpna kartonger i ei krå bak meg: «Normisjon støtter fremdeles arbeidet i kirkene, bibelinstituttet og skolen i Tambo. Underskrivne er fremdeles koordinator. Nokre rutiner vil bli forandra, men stort sett vil støtte og kontakt halde fram som før kontoret stengde». 

Eg har NESTEN kome iorden. På pulten ligg revisjonsrapport og ei hugseliste med store og små saker. Palmehelga var det preikeoppdrag i menigheten i Paute og om eit par veker skal eg delta på årsmøte i spanskkirka. Kirka har nyleg fått registrert det «nye» styret sitt ,- 9 månader etter valget. Dermed kan presidenten skrive under på skjøte for donasjon av kirke-eigendomen i la Colmena. Så kjem det også i boks og  det betyr at vi nesten kan starte med neste trinn i prosessen: å oppløyse Mision Luterana. Kanskje kan vi kalle inn til generalforsamling i mai?

Guds planer for kirka i Ecuador.

Det er vanskeleg å vite om misjonen har «kome i mål» med arbeidet sitt, men kanskje er det ikkje det som er spørsmålet heller? Alt har si tid, og no er det tid for å vera baktropp og støtte det nasjonale leiarskapet. Følge dei i samtalar og bøn, gi økonomisk støtte endå ei stund, dele draumer og ta del i sorger. Litt slik som Paulus skriv: « Eg helsar dykk alle i Ecuador, de som er elska av Gud... først av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda ( og rundt omkring i Norge) blir det fortalt om trua dykkar.» «Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler»

I store og små felleskap blir Guds ord forkynt, og enkeltpersoner får livet forandra. Nye grupper blir starta og nye utfordringar dukker opp. Gud har planer og han vil gjennomføre planane slik at fleire kan bli nådd med evangeliet. Arbeidsformer og strategi vil heilt sikkert endre seg, slik dei har vore i konstant forandring opp gjennom åra. Men visjonen er den same: Kristus til nye generasjoner i Ecuador og utover dette lille landet sine grensene. For også her kaller Gud til misjon.

 

Ny festivalsjef i Cañar

13 november 2015

Mange av våre misjonsvenner kjenner Rafael Allaico, primus motor og ideolog bak den evangeliske skolen i Tambo. Då samanslutninga av lutherske kyrkjer i Cañar organiserte  sin årlege musikkfestival, møtte vi Rafael  i ei ny rolle, som nyvalgt president for kyrkjene i  provinsen.

Uro for barn og unge

Då Rafael for eit par år sidan starta opp med gudstenester på Tambo-skolen, var det nettopp for å skape ei kirke for barn, unge og familier.  Over ei tid hadde familien snakka om  mangelen på tilbod som appelerte til ungdom og barn.  Nyleg vart Rafael valgt som leiar for samanslutninga av kirker i Cañar provins.

 “ Eg er eigentleg motivert for å vera president i provins-kyrkja,” seier Rafael, nesten overraska av seg sjølv.  “ Det er fleire saker å ta fatt på. Mellom anna håper eg å få til eit samarbeid med Bibelinstituttet om ei leiarsamling ganske snart. Det er stort behov for eit møtepunkt med tydeleg teologi og inspirasjon til fornying.”  

36 år med provins-kirke

Denne helga er det fest i sentralkyrkja.  Talarane er sentrale leiarar i den lutherske kirka i Ecuador: Felipe Guaman, Camilo Quishpe og  Rafael Allaico  frå indianarkyrkja, og frå den spansktalande kyrkja har dei invitert inn Pastor Gonzalo Celi og Lauro Garcia frå Bibelinstituttet. Motto for helga er henta frå Salme 133,1: Sjå, kor godt og vakkert det er når brør bur saman!

Og det er vakkert både å sjå og høyre alle gruppene som deltek med sang og dans. Det er også ei glede for øyret å lytte til Felipe Guaman preike  på morsmålet, kichwa,over temaet: “ Kva skal eg gjera, så eg kan verta frelst “. I teksten frå Apostelgjerningane finn vi svaret: “Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.” 

Etterpå stiller to småbarn opp med mikrofoner og  strålande smil. Det er tydeleg  at det er kjekt å opptre for eit oppmerksomt publikum med sangen dei har lært i barnegruppa. Fire jenter framfører  ein koreografi med typiske dansetrinn til ein lovsang.  Damekor og ungdomsgrupper veksler om å framføre sine sangnummer. Det er rigga opp både med lyd- og lysanlegg , og opptrinna blir projektert på veggen slik at alle i den fullsatte kyrkja skal sjå godt. Radioen tar live-opptak ,og heile programmet blir sendt til lyttarar rundt omkring i bygdene og til utvandra sambygdingar  i USA, som lytter til radiosendingane over internet. Med like drakter, charango og gitar, keybord, trommer og rytmeinstrument  toner dei kjende sangane ut i  kirkerommet. 

Menigheten “Luz del mundo” Charcay

Til  slutt stiller festivalens overraskelse: mannskoret frå Charcay  med rundt 20 unge og eldre sangarar. På musikkfestivalen er det mest vanleg med kvinne-kor. Dei mannlege innslaga har gjerne vore som solo eller duetter. No runger  mannsstemmene og fyller lokalet med ein kjent salme som avslutning på eit variert program i sentralkyrkja i Cañar.Menigheten “Verdens Lys” frå  bygda Charcay opplever vekst og god aktivitet dei siste par åra. Fleire nye har kome til menigheten  og på festivalen er dei representert med heile 3 kor: damekoret, eit kor for unge jenter og så rosinen i pølsa: Mannskoret.  Også  i eit ungdomsband stiller  fleire unge-vaksne frå denne menigheten .

Sjølv om det er mange grunner til  å vera uroleg  over konflikter i enkelte lokalmenigheter , er det altså mykje å glede seg over  når brødre og søster  samlar seg til  forkynning,lovsang og tilbeding  denne helga med musikkfestival og feiring av reformasjonsdagen. 

Om flytting og draumar

13 oktober 2015

Eg hadde knapt landa i Ecuador og satt meg ved kontorpulten etter Norgesreisa, før “siste nytt” starta å tikke inn. Visste eg at Christian var tilsatt som skoleprest i Cuenca? Han og Luisana skulle flytte til byen, etterkvart orientere seg i miljø og kirkeliv. 

Vi var fleire som vart fornventningsfulle. Kor fint det ville vera om dei starta i Cristo Vive, eller tok eit besøksansvar i kirka i Paute eller vart leiarar i eit felles ungdomsarbeid ..... Kanskje Luisana kunne koordinere kurs for Bibelinstituttet her i Cuenca?  Viktig å ta skikkeleg imot dei! Kanskje hjelpe dei å finne leilighet?  

Etter nokre veker  i svevet landa vi  på jorda. Den unge familien blir verande i Guayaquil. Luisana held fram i lærarjobben sin, og begge fortsetter som leiarar i ungdomsarbeidet i kirka “Nueva Jerusalen.” Ikkje berre det: Den vesle menigheten har organisert giverteneste og tilbyr minsteløn for Christian. Så blir eg glad likevel. Så flott!  Håper dette ordner seg til det beste for Christian og Luisana og for arbeidet dei står i. SKIKKELEG BRA!

Framleis mangler nokre brikker for å realisere planane om kursverksemd i Cuenca i regi av Bibelinstituttet. Be om at det må ordne seg det også! 

Luisana og Christian er godt rusta til teneste i kirka

Korleis kan vi støtte opp om kirkene i Canjar?

“Siste nytt” i indianerkirka i Canjar var ikkje like lysteleg. KRISE-ordet vart brukt. Medlemslekkasje og sentrale leiarar  med uklart dåpssyn. Kan Bibelinstituttet hjelpe? Kan misjonen?   Kven kan tilby vegleiing  på luthersk grunn?

Igjen er det behov for å flytte brikker, eller rettere sagt mennesklege ressurser. Skal vi våge å foreslå det? Er det mogeleg  for Bibelinstituttets direktør med kone og dei yngste barna  å flytte til  Canjar? Så kunne han pendle motsatt veg av det han gjer no? Så flott om han og kurskoordinator Felipe kunne stå saman om ein ny og frisk start på kurstilboda i indianerkirka!  Vi har avtalt å be over det.  Det er ikkje sikkert at våre ideer er Guds plan. Og endå mindre er det gitt at konfliktene  vil løyse seg med eit slikt grep. 

Pastor Gonzalo og kona Sonia

Gjenåpning av kirke for spansktalande i Canjar

For under eit år  var det den nyutdanna teologen frå Brasil som var på flyttefot. Han var innstilt på å gå inn i teneste i gjenoppbygginga av ein spansktalende menighet i Canjar, eller   i kyrkjeplanting nord i landet eller....  Geografisk plassering betydde mindre enn ønsket om å tene Gud. Han og kona Jessica flytta faktisk rundt påske.  No er Wesley pastor i ei kirke i Brasil.  Kjekt  for Brasil, og synd for Ecuador. Enn så lenge reiser pastor Gonzalo opp i fjellet 4-5 dagar kvar  månad. Han evangeliserer og underviser med stor entusiasme. Også han ber om Guds veg videre . Kanskje flytter han ein dag opp i fjella,  til Canjar eller dit Gud leiar han.

Teologi og demokrati

25 september 2015

Sett frå mi ecuatorianske hengekøye. Med adresse Ecuador, blir avstanden til norske kirkedebatter stor. Det ligg eit hav og mange landegrenser mellom Norge og Ecuador. Men kirke er kirke, og også i kirkene i Ecuador spør vi oss kvar autoritet ligg når vi skal ha svar på teologiske spørsmål.

I lokalkirka mi har vi eit åndeleg leiarskap som består av pastor og 3 eldster. Dette rådet avgjer kvens om skal leie gudstenestene kvar søndag. Dei set opp preikeliste og vel ut leiarar for ungdomsarbeid, søndagsskole, damegruppe og bibelstudiegrupper.  Og utan at det blir sagt med reine ord, er det opplagt at visse funksjonar er reservert for menn.

Slik har det fungert i mange år, men det var først i ei preike  for nokre månader sidan at vi fekk ei teologisk  grunngjeving . Predikanten understreka at dette ikkje var HANS meining om saka. Dette skriv Paulus og det er basert på eit bibelsk prinsipp. “Dette er Guds vilje for gudstenesta”, sa han. “Innanfor gudstenesteramma skal kvinna tie. I andre samanhengar kan kvinna for eksempel undervise.”  Bibelutlegginga var eksemplarisk. Han tok vegen innom grunnteksten på hebraisk og gresk,  og konklusjonen  var så innlysande at heile forsamlinga nikka og gjentok argumenta i vekene etterpå.

Autoritet

Bibelen er autoritet. Og det åndelege leiarskapet ber over det og tolker og bestemmer. Sånn er det, og slik var det også  då lokalkirka bestemte seg for å melde seg ut av Den nasjonale lutherske kirka. I dette lukka forumet og utan å ta det opp på kirka sitt årsmøte. Først 2-3 år etterpå fekk vi  ei forklaring: Den nasjonale kirka aksepterer ikkje Bibelen som autoritet og er dessutan liberale i synet på kvinners teneste. Derfor er lokalkirka no ei FRI, SJØLVSTENDIG LUTHERSK KYRKJE.

Spør vi leiinga i Den nasjonale kyrkja, er det ingen som kjenner seg igjen i denne karakteristikken. Tvert imot framhevar leiarskapet nettopp at Bibelen er autoritet. Og med det som grunnlag åpner dei ikkje for pastorteneste for kvinner. Men basert på læra om det almenne prestedømmet og synet på nådegavebasert teneste, er det no åpna for at kvinner kan forkynne i gudstenesta.

Kven er eigentleg liberal? Kven er rett-truande? Kva betyr det eigentleg at Bibelen er autoritet? Er Bibelen også autoritet over naturvitenskaplege fagfelt? Skjedde Skapinga på 6 kalender-dagar? Kyrkjepresidenten måtte nyleg stå til rette for sitt syn på skapinga under eit besøk i USA.  Kanskje var det ein test på kvar han stod i kyrkjelandskapet.  Eit ønske om å finne ut om han og Den lutherske kyrkja i Ecuador rett og slett var liberal?

Mitt norske lutherske blod boblar imøte med dei lukka gruppene der teologiske spørsmål blir avgjort. Eg drøymer om åpnare teologiske drøftingar med respekt for ulike ståstader og  ulike konklusjoner. Gjennom Bibelinstituttet er Ecuador iferd med å bygge opp eit slikt miljø. Og på nasjonale leiarsamlingar  er drøftingane prega av ynskjet om å vera seriøse teologiske aktører. Kanskje er dei usikre, og kanskje manglar somme kunnskap. Men det blir iallefall samtalt og undervist.

Lauro Garcia, Bibelinstituttet 

Så blir fokuset mitt endra

Kirka Den Norske” har funne sitt svar, og Den lutherske kirka i Ecuador eit anna. Vegen i Norge gjekk via demokratiske prosesser, og i Ecuador er det ikkje tvil eingong: Leiarskapet har ansvaret og svaret finn dei i Bibelske tekstar. Og eg spør meg: Skal kirka ta teologiske standpunkt UTAN å ha Bibelen som autoritet? Skal vi stemme over kva eg og du meiner at Gud burde meine i aktuelle spørsmål? Er respekt identisk med toleranse? Kan vi berre sette til side teologiske fagmiljø, eksegeser, lærenemder og åndeleg leiarskap? Er ikkje dette litt lettvint? Ikkje det at temperaturen på debatten er enkel. Og både motstandarar og aktivister er mennesker med samvit og kjensler og liv dei skal leve. I kirka. MEN konklusjonen? Kan vi ta den ved handsopprekking?

Det er ikkje godt for kirka når teologi avgjort i lukka sirklar. Men demokratiske avstemminger gir oss heller ikkje fasitsvar.  Begge deler er respektlaust overfor det som er kjelda for trua vår og for fagfeltet teologi: Bibelen. Er det myndige lekfolket bytta ut med rettruande demokratar?

I det ecuatorianske kirke-landskapet står den bibeltrue på talarstolen og påstår at homofili i seg sjølv er synd. Det er i strid med skaparordninga. Punktum. Her i landet er eg radikal når eg i veiledningssamtalar med lesbiske og transpersonar seier at Gud er glad i dei AKKURAT SLIK DEI ER.

Komplisert dette. Eg er freista til å berre legge meg ned i mi ecuatorianske hengekøye og akspetere at det åndelege leiarskapet tar ansvaret. Tilbakelent kan eg drikke mine doser kaffi, observere på avstand og halde meg til lettare lektyre. Rett nok er eg norsk, men eg er også kvinne, så lærespørsmål er ikkje mitt bord. Det har pastor sagt.

 

 

Kors-smykke på TV - og offentleg kontroll på skulen i Tambo

30 oktober 2014


Kiky Pérez bruker kors-smykke. Kvar kveld stiller ho opp på TV  med kors i ulike design, små og store og vakre.  Den populære programlederen har aldri fått ein kritisk kommentar.Sånt blir tolerert og gjerne aplaudert. Her i Ecuador er det  til og med vanleg at TV-kjendiser helsar intervjuobjektet med eit "Gud velsigne deg".

Men på andre fronter er det trangare . Når pinsekyrkja i Cuenca ynskjer å tilby ei konferanse med temaet: DEN NAKNE SANNHET OM SEKSUELL RENHET til til kristne privatskoler, må dei prøve å snakke med dei rette personane, og håpe på det beste. For Utdanningsdepartementet har utarbeida eige materiale om seksualundervisning. Det er dette materialet som skal brukast i alle skular. Som i mange andre fag blir fridomen innskrenka.  


PÅ skulen i Tambo, Mushuk Kawsay, er det faktisk Bibelundervisning i verdifag. Det sørger Skolepresten for, saman med ein av dei evangelsike lærarane. Alle klassene har 1 time for veka, og materiale dei har brukt er utarbeida for søndagsskule.  Så langt er ikkje dette kontrollert!! . Skolens kristne profil blir også framheva i andakt på fellessamlinga kvar mandag. Oppstilling er vanleg på alle skular, med nasjonalsang og innslag om merkedager på kalenderen . Det kan handle om  Flaggets dag, om "Frigjeringsdagen", om Tambo-dagen etc.  På Mushuk Kawsay feirar dei også skolens "bursdag", med takkegudsteneste og festprogram og god mat.  Feiringa er kvart år i midten av oktober. Så lenge dei får lov av Utdanningskontoret. 


Det strammer seg til på fleire område. Kven skal forresten tilsette rektor på skulane?  Skulemyndighetene eller skuleeigarane?  Mushuk Kawsay måtte ta fleire runder før deira kandidat, David Nivelo vart godkjent som rektor. Dei starta eigentleg å argumetere for eit par år sidan, då forrige rektor skulle fornye si kontrakt. Skal ein kristen halvoffentleg skole få ansette sin eigen ledelse?  Lokalkontoret sa nei. Men sonekontoret godkjente prinsippet i denne konkrete saka. På ein katolsk halvoffentleg skule måtte dei gi tapt.  No er den nye rektoren på denne katolske skulen tilsatt av staten. 


På ein anna katolsk privatskule opplevde dei nyleg at ein jordskjelv skada bygningane. Staten trådte til med hjelp. Og fordelte alle elevane rundt omkring på offentlege skular i området. Vips så stod skulen igjen UTEN elevar!
 For tida er det innsamling til reparasjonsarbeid på katedralen her i byen, under slagordet  "Gi ein dollar til katedralen" . Kirka har også søkt om statsstøtte. Det kan dei kanskje få, VISS dei overdreg skjøten på eigendomen til staten!!!   Det same har Mushuk Kawsay fått til svar : Gi oss eigendomen,så skal vi bygge nye klasserom. Enn så lenge har  skolen klart seg med støtte frå givarar i Norge. For, som advokaten sa: Gir de staten  lillefingeren mister de HEILE styringa. 

Så langt har Mushuk Kawsay lukkast utruleg bra med sin evangeliske profil. Så bra at både lærarar, elevar og familier  har opplevd forandringar i livet.  Og faktisk: Etter programmet på Flaggets dag for nokre veker sidan kom Statens utsending med ein følgande bekjennelse: Andakta i dag rørte ved meg. Eg kjente meg igjen. Håper vi kan snakkast seinare eingong.   

Det nytter folkens! Mushuk Kawsay gjer ein forskjell ! 

FRIGJORTE KVINNE-RESSURSER

14 oktober 2014


Far og datter, Gonzalo og Kathy har begge studert teologi i 3 år. I lokalkyrkja blir begge brukt til å forkynne i gudstenesta.

ENDELEG har den lutherske kyrkja samla seg om ein felles teologi når det gjeld kvinners teneste. Ikkje berre ved handsopprekking og synsing, men etter ein ganske grundig gjennomgang av temaet på fleire samlingar.
"IECLE ordinerer ikkje kvinnelege pastorar, "  står det no svart på kvitt. Og i same dokumentet blir det åpna for at kvinner kan preike i gudstenester , med grunngjeving i læra om det almenne prestedømme og synet på nådegave basert teneste .

Tru meg:  Mange opplever dette som ei god avklaring i ei sak som har tappa krefter og skapt usikkerhet i fleire år. No er det ikkje lenger tvil om IECLE sin ståstad. Skuldrane senka seg, og smila satt laust. Dette frigjer  ressurser lokalt. For i Ecuador er det faktisk ingen som argumenterer for kvinner i presteteneste, og misjonen respekterer kirka sin politikk. Men i fleire år har kirka opplevd at leiarar i den nasjonale kirka har vore motstandarar av at kvinner preiker og leder i gudstjenester, utan at dette har vore drøfta og bestemt offisielt.  Sånn sett er dette altså ei avklaring til å leve med.

Derfor var det med VELDIG blanda kjensler eg  overvar preika i ei av dei større, sjølvstendige lutherske kyrkjane sist søndag. Temaet var nettopp kvinners teneste i gudstenesta.Og utgangspunktet var teksten om at "kvinna skal teie i forsamlinga" .  Utlegginga var av ypperste klasse reint “teknisk”, med henvisning til jødisk historie og kultur  ispedd alternative oversettingar  frå gresk. Darwin har verkeleg nådegave til å undervise og forkynne. Og attpåtil har han studert teologi i USA i 5 år. Forsamlinga vart verkeleg klokare. Og med ledergruppa  i ryggen vart preika brukt til å fastslå  at kvinna  har lov til å få opplæring, men ho har ikkje lov til å belære. Iallefall ikkje innanfor gudstenesteramma.  Men GJERNE i kvinnegruppa.  Ifølge pastoren og Paulus og Gud.

 Det vart frresten også påpeika at denne kyrkja har halde fast på dette bibelske prinsippet  i iallefall  i 14 år no , medan  dei  to misjonane som var med på å grunnlegge den lutherske kyrkja i Ecuador har blitt meir liberale. Der sat eg då, og var BÅDE misjonær og sporadisk brukt som forkynnar i gudstenester. 

Vi får det servert. Ferdigtygd og fastspikra. Det finns ikkje eit forum for teologisk samtale. Faktisk har slike drøftingar stort sett vore fråverande også i den nasjonale kyrkja ,  inntil no...... Derfor er eg spent på fortsettelsen. Får vi no eit endå skarpare brot mellom den Nasjonale lutherske kyrkja og dei Sjølvstendige lutherske kyrkjene? Er dette eit grunnleggande spørsmål om bibelsyn som vil styre  framtidig samarbeid?

Ekteparet Sofia og Neptali Mendieta leiar menigheten Cristo Vive, der dei i mange år har nytta seg av kvinner til å lede og preike i gudstenester.

Eg håper og ber om at dei lutherske kyrkjene i Ecuador  framleis kan stå saman. Der er mange gode vennskap på tvers av menighetene ,tildels også familieband. Alt dagen etter nådde ryktet  andre gode lutheranere i byen. Dei hadde møtt nokon som hadde møtt nokon som var i denne kirka på søndag.  Og vi var over 150 personer  til nattverd denne søndagen, så kontaktpunkta utover blir tilsvarande mange.

Be om at dette spørsmålet  ikkje må splitte den lutherske kirka i Ecuador.  Vi treng kvarandre. Og vi treng gode forum for teologiske drøftingar. Vi treng å vite kvar vi står, og vi ynskjer å stå  rakrygga i dette lille kirkelandskapet vi er ein del av her !


CUENCA - Min by i Ecuador

30 september 2014

Då eg kom til Ecuador for 27 år sidan, visste eg ikkje at eg skulle bli buande her på lang, lang sikt. Men så gifta eg meg med  Patricio, og vi har fått 2 barn, som no er unge-vaksne.

Som nygifte fall eg fort til ro i byen Cuenca, tredje største byen i Ecuador. Her har eg fått lov å vera lærar og rektor på Den norske skulen i mange år. Og deretter starta eg på ei meiningsfull teneste som "stedlig representant" for Normisjon.

Slik har eg fått kjent på pulsen alt det som rører seg i det lutherske kirkelivet.




Tidleg fekk eg eit motto for mitt nye liv i Ecuador. Eg henta det frå Jeremias 29:

" Bygg dykk hus og bu i dei..... og streva etter at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han"

Ei flott ramme om ei utfordrende og flott teneste!

Velkommen til min blogg

23 september 2014

Jeg vil skrive om det jeg opplever i Ecuador i møte med kirkene som Normisjon er partnere med.