Knut Gjengedal 27.01.10Sist veke var det fellesmøter i Volda, der temaet var "Bli med på livet". Alle menigheiter og fleire misjonsorganisasjonar, deriblant Normisjon var med. Områdeleiar i Normisjon Knut Gjengedal fortel om ei flott veke, der mange søkte Gud og nokre vart helbreda. Fint og viktig at Guds folk synleggjer den kristne einskapen på denne måten.
 |
|
Fullt hus under fellesmøta i Volda sist veke
|
”Bli med på livet” var mottoet for fellesmøta i Volda sist veke. Alle menigheiter i Volda og fleire misjonsorganisasjonar innbaud då til fellesmøter på Uppheim frå tysdag til og med søndag. Håkon Fagervik, bror til den meir kjende Hans Inge Fagervik, var hovudtalar og mange var begeistra over hans ”smittande” forkynning og hans friske song. Livet saman med Jesus er spanande og Håkon vitna om korleis han sjølv møtte Jesus som fiskar, berre 15 år gamal. På avslutningsmøtet var det Guds farskjærleik som var tema for talen og vi fekk inntrykk av ein grenselaus kjærleik. Mange søkte forbøn denne veka og fleire vart helbreda. Fint å sjå, at det var mange ungdomar på ungdomsmøtet laurdag kveld. Kvar kveld var det ope hus rundt omkring i dei ulike forsamlingslokale i Volda. Der var det god mat og prat. VKS (Volda Kristelege Samarbeidsutval), som arrangerer fellesmøta var godt nøgd med oppslutninga i år. Gode kollektar var det også, og på søndag var vi med på å gje ei misjonsgåve til misjonsstiftelsen som Håkon Fagervik er leiar for. Fellesmøta i Volda, som begynte for om lag 40 år sidan, er truleg komne for å bli.
Del på Facebook
Del på Twitter