Foto: Marius Økland

Fullbooka leir på frossen leirstad


26.-28. februar var det tweensleir på Fjordly, ein fullbooka leir, enno det berre var 21 deltakarar….

Fullt var det fordi vatnet hadde frose på halvparten av hyttene – hadde det kome fleire (som det brukarå gjere), måtte vi tenkt ganske kreativt...

Tweens er dei som ikkje lengre er barn – men som heller ikkje er heilt ungdom, dei mellom 9 og 13 år (4.-7. klasse).  Mange unge leiarar som var på leirleiarkurset var med på denne leiren og det var tydeleg kor mykje dei veks i leiarrolla!

Fire unge, mellom 15 og 19 år hadde ansvar for bibeltimane. Det var spennande og kreative timar om Josef – han som blei sviken av brørne sine og kasta i brønnen. Sjølvaste Josef gjesta oss på Fjordly og viste ein film om korleis det var då han blei sett til nest-sjef i heile Egypt! (om du gjekk glipp av filmen på leiren, kan du lese historia i 1. Mosebok 41).

Takk for flotte dagar saman – neste leir for målgruppa er i juni :)
 
Del på Facebook Del Twitter Del på Twitter


Bildeserie

 
 
 
 
 
 
 



Arrangement:

27. juli

Sommarseminar, Nordfjord folkeh.skule
 

13. aug

Besteleir, Teigen
 

27. aug

Tweensleir (10-13 år), Teigen
 

05. sept

Teigenstemnet
 

13. sept

«Vi over 60», Innvik Fjordhotell
 

25. sept

Haustmøte i Sogn
 

01. okt

Familiehelg, Innvik Fjordhotell
 

01. okt

«Bøn framfor alt», Holmely
 

08. okt

Ten-leir, Fjordly
 

09. okt

2.-4. klasse-leir, Teigen
 

15. okt

Temahelg, Holmely
 

22. okt

Kvinnehelg, Innvik Fjordhotell
 

22. okt

Vekstnettverk-helg
 

28. okt

Temadagar, Holmely
 

31. okt

Haustmøte, Sandane
 

06. nov

Misjonsmesse, Olden
 

12. nov

Oasehelg, Innvik Fjordhotell
 

13. nov

Misjonsmesse, Sandane
 

13. nov

Misjonsmesse, Stadt
 

19. nov

Tweensleir (5.-7. klasse), Fjordly
 

19. nov

Adventsleir, Teigen
 

20. nov

Thanksgiving, Innvik Fjordhotell
 

04. des

Julemiddag, Teigen
 

23. des

Julefeiring, Innvik Fjordhotell
 

40969.jpg

Vil du utgjere ein forskjell?

Éi stilling er ledig hjå NHE (organisasjonen til Normisjon i Aserbajdsjan). Dersom du har utdanning og erfaring innan jordbruk og rådgjeving kan dette vere noko for deg.
Region Sogn og Fjordane har Aserbajdsjan som eitt av to fokusland. Derfor vil vi gjerne gje denne utfordringa til sogningar og fjordingar.



Støtt Region Sogn og Fjordane:

Her er de beste ferietipsene

Annonse:

Normisjon: Tlf: (+47)23 30 10 00| Faks: 23 30 10 01 | normisjon@normisjon.no | Bank: 1503.02.13537 | Org.nr 860 474 522 | Postadresse: Postboks 7153, St. Olavs plass, 0130 OSLO
Besøksadresse: Linstows gate 3, 0166 Oslo (se kart) | Har du tips til nettsidene?  Kontakt oss på tips@normisjon.no | Redaktør: leif.gunnar.vik@normisjon.no



Finn ressurser i Letogfinn.no