Acta Sogn og Fjordane arrangerer mange leirar denne sommaren. Her frå tenleir i 2011.
Acta Sogn og Fjordane 29.05.2012
Sommartid er leirtid i Acta Sogn og Fjordane. Mange barn og unge er spente og har forventingar til leirsommaren.
Acta-leiar i Sogn og Fjordane, Marius Økland, seier at ein ventar mellom 200 og 250 barn, unge og vaksne til dei to leirstadane Fjordly (Bryggja) og Teigen (Eikefjorden) i sommar. Det er utan tvil den tida på året der mange barn og unge møter Acta og det Acta står for.
- Først og fremst vil vi peike på Jesus, seier Marius.
- Fellesskapa kan variere, aktivitetane varierer, musikkstil, aldersgrupper og humor skiftar – men evangeliet er det same. For oss er det ikkje så viktig om vi spelar fotball eller ludo – det viktigaste er å formidle Jesus. I sommar ønskjer vi særleg å fokusere på det fellesskapet leiarane har, fordi vi trur at dersom leiarane har det bra, så får deltakarane det bra.
Fungerer leir?
Men fungerer leir? Ein har drive leir på Fjordly og Teigen sidan 70-talet, men har ein eit avklart forhold til kvifor ein driv leir? Ole Martin Rudstaden er fagleg leiar i Acta, og seier at leir fungerer.
- Både forsking knytt til konfirmantleir og vår erfaring gjennom mange, mange år stadfestar dette. Leir er avgjerande for veldig mange menneske sitt trustandpunkt og trusliv. Den store fordelen med leir både som evangeliseringsverktøy og som disippelgjeringsverktøy er at ein går saman med menneske over fleire dagar. Ein et saman, leikar saman, ber saman og diskuterer med kvarandre. Ein er borte frå den hektiske kvardagen og har moglegheit til å gå i djupna – ikkje berre når det gjeld undervisning og teori, men også i det sosiale og åndelige. På leir har vi god tid til Gud og god tid til kvarandre!
Ein stor internasjonal studie på leir og konfirmasjonstid stadfestar det Rudstaden seier. Den viser også at det er samanheng mellom lengda på leiren og «effekten» av leir.
- Det har mykje å seie at ungdommane kjem seg vekk frå kvardagslivet, for når ein er på leir, er ein fri dei vande omgjevnadane og meir mottakelige for inntrykk. Læring handlar jo ikkje berre om kva ein får høyre, men også samværet med andre, musikken og fellesskapet dei sjølv er med på å skape, seier forskar Kati Niemelä til kyrkja.no.
(Framhald under biletet.)
 |
|
Mykje godt i vente for den som kjem på leir!
|
Vaksne er ressurspersonar!
Rudstaden held fram at vaksne bør gripe sjanse til å vere med på leir.
- Det er ein eineståande muligheit til å gå saman med barn og unge nokre dagar og sjå, bekrefte og utfordre dei. Vaksne leiarar er helt avgjerande for å skape tryggleik på leir – tryggleik som gjer at alle trivast, så vel som tryggleik som opnar for tankar og samtale om tru og liv. Å være leiar på leir handlar ikkje om å være kul nok eller morosam nok – det handlar om å vere der for dei unge, lytte, ta dei på alvor og dele ærlig om si kristne tru.
Oversikt over leirane:
Teigen:
21.-23. juni: Amigosleir, 1.-4. klasse.
28. juni - 1. juli: Tweensleir, 5.-8. klasse
3.-5. august: Besteleir, 3-8 år med følgje
9.-13. august: Tenleir, 13 år +
Fjordly:
15.-17. juni: Minileir, 4-8 år med følgje
21.-24. juni: Sommarleir 1, 8-10 år
28. juni - 1. juli: Sommarleir 2, 10-12 år
11.-15. juli: Tenleir, 13 år +
26.-29. juli: Familieleir
3.-5. august: Dugnadshelg
Del på Twitter
Kommentarer: