
Sidan i haust har seks Nordfjord-damer i sin beste alder strikka og strikka og strikka. Damene er medlemmer i Vereide støtteforeining, og dei har sjukehuset i Okhaldhunga, eitt av Normisjon sine prosjekt i Nepal, som sitt spesielle støtteprosjekt. Dei har ei forbønsteneste for sjukehuset, og i haust fekk dei altså den ideen at dei ville strikke babytepper og sende til Okhaldhunga. Dei sette i gang, og målet var å strikke tolv tepper. Men det viste seg snart at målsettinga var for låg, det kom til å bli mange fleire tepper.
Bestemor ville bidra
Og for ikkje lenge sidan kom ein av elevane på Nordfjord folkehøgskule med åtte tepper frå bestemor si og venninnene hennar, som hadde høyrt om strikkeprosjektet og ville bidra. Årets kull på Nordfjord folkehøgskule har valt nettopp dette sjukehuset i Nepal som sitt bistands- og solidaritetsprosjekt dette året. Dei har samla inn store summar, og har stadig nye aksjonar for å få tak i endå meir pengar.
Skal overlevere gåva
Dei neste vekene er ei av klassene ved skulen, Friluftsliv/vertikalt, på studietur i Nepal. Der skal dei mellom anna innom sjukehuset i Okhaldhunga, og då er elevane altså så heldige at dei får overlevere desse 30 heimestrikka babyteppa frå damene på Vereide.
Elevane skal òg innom eit dagsenter for psykisk utviklingshemma born i Kathmandu, og der skal dei dele ut huer og sokkar som damene i Vereide støtteforeining òg har fått tid til å strikke – i tillegg til babyteppa. Her er det omsorg og varme i kvar ei maske!
Del på Twitter

Éi stilling er ledig hjå NHE (organisasjonen til Normisjon i Aserbajdsjan). Dersom du har utdanning og erfaring innan jordbruk og rådgjeving kan dette vere noko for deg.
Region Sogn og Fjordane har Aserbajdsjan som eitt av to fokusland. Derfor vil vi gjerne gje denne utfordringa til sogningar og fjordingar.

Se den sterke filmen fra steinindustrien i India, og hjelp Normisjon med å gi menneskene her et verdig liv.

Normisjon: Tlf: (+47)23 30 10 00
Besøksadresse: Linstows gate 3, 0166 Oslo (se kart) | Har du tips til nettsidene? Kontakt oss på tips@normisjon.no | Redaktør: leif.gunnar.vik@normisjon.no