Tid for leir!
No er det tid for sommarleirar på Fjordly! På sommarleirane er det mange uteaktivitetar: bading og båtliv, trampoline og fotball. Det er mange born og ungdom å verte kjent med. Vi lærer meir om Jesus og høyrer spennande historier frå Bibelen. Å grille pølse ved bålet, synge songar, lage underhaldning og hobbyaktivitetar høyrer også med. Sommarleir er masse!
Bål på leir høyrer med :)
Dato: 21.-24. juni.
Alder: 8-10 år.
Pris: Kr 700.-
Ingenting er som den spennande følelsen av å reise på leir åleine! Møte nye venner, vere saman med kule leiarar, vere lenge oppe på kvelden og høyre spennande historier frå Bibelen.
Leiarar
Rune Tøsse, Inge Ytrehus, Johan-Olav Nyberg, Mai-Linn Blålid, Kristin Stave m.fl.
Påmelding
Påmelding gjer du helst
her.
Du kan også sende ein e-post eller ringe oss.
Ha i så fall klart:
- Namn, fødselsår og adresse,
- Namn på føresette, telefonnr./e-post
- Om vi kan bruke bilder av deg på nett / blad
- Evt. sjukdom/allergiar o.l. (ved enkelte funksjonshemmingar/diagnosar kan det for deltakaren sitt beste vere nødvendig med følgje)
- kven du ønskjer å bu på rom med
Kort hugseliste
1. Gode kle og sko til å vere ute og inne med (regnkle og støvlar, badekle og badeand :)
2. Bibel og skrivesaker
3. Sovepose/sengetøy, laken og putevar, handduk og toalettsaker
4. Pengar til leirbetaling (kontant/kort), kiosk og kollekt (viss ein ynskjer).
Kjekt å vite
Kontakt med deltakarane under leiren er lettast ved måltida på telefonnummer 920 48 133.
Leirstart/ innkvartering første dag: kl.18.00-18.45.
Avslutningsmøte siste dag kl.15.00.
Heile familien er velkomen til avslutningsmøtet!
Spørsmål?
Kontakt
Acta Sogn og Fjordane:
E-post: acta.sof@normisjon.no
Tlf:92 04 63 49 / 57 86 63 49
Del på Twitter