Fleire og fleire jenter og kvinner frå santalfolket i India tek høgare utdanning. Normisjon er med på å gjere dette mogleg.
Utdanning er nøkkelen til arbeid og til å kome seg ut av fattigdomen. Det gir det kastelause stammefolket santalane status og tru på seg sjølv. I India er det framleis gutane som er i overvekt på dei gode skolane og på universiteta, men jentene kjem etter. Mange santalforeldre satsar også på jentene sine, blant dei kristne ser ein tydeleg dette.
Gode engelskkunnskap avgjerande
India er eit land med svært mange språk. I India er den offentlege skolen ofte dårleg, undervisninga går føre seg på språket hindi. Skal ein få ei god utdanning er god kunnskap i engelsk avgjerande. Derfor nyttar dei beste skolane i India engelsk som språk i opplæringa si, alle lærebøker er her også på engelsk. Desse skolane er privatskolar. Her må ein betale skolepengar. Don Bosco-skolen i Dumka er ein slik skole.
Santalkvinner får sine diplomar
Sido Kanhu Murmu University i Dumka, 30 mil vest for Kalkutta inviterte nettopp alle sine 2210 studentar som fullførte si utdanning våren 2011 til ei storslått markering. Ein stor del av desse studentane var santalar og mange var kvinner. Professorar frå universitetet, Chif Minister frå det lokale fylket og Finansministeren frå regjeringa i Dehli var gjestar, alle med fine talar og gode ønske til studentane. Ein høgtideleg seremoni
![]() |
|
-Dette er ein høgtidsdag som gjer oss stolte, ein dag vi ser fram til gjennom heile studiet seier kvinnene. Madhumita har teke sin Bachelor i Kjemi, Biologi og Økologi, Shweta har teke den i Engelsk.
|
følgde med utdeling av diplomar til studentane i ulike fag og grader; Bachelor, Master og Doktorgrad.
Eg møtte to santalkvinner som akkurat hadde fått sin Bachelor-diplom, søstrene Madhumita og Shweta Hembrom på 31 og 26 år.
Høgtidsdag
- Dette er ein høgtidsdag som gjer oss stolte, ein dag vi ser fram til gjennom heile studiet seier kvinnene.
Madhumita har teke sin Bachelor i Kjemi, Biologi og Økologi, Shweta har teke den i Engelsk. Dei fortel dei var heldige som hadde besteforeldre og ein far som har hatt arbeid og som sendte dei på ein god privat English Meidium skole som barn. Men midt i barneåra måtte dei skifte skole til ein vanleg hindiskole som ikkje var så bra. Men så fekk dei gå vidaregåande ved ein skole som nytta engelsk som opplæringsmål, det hjelpte dei til å kome vidare.
- Vi har vore heldige som har fått utdanning seier kvinnene.
Madhumita seier ho hadde ein draum om å utdanne seg til lege, men det gjekk ikkje. No er draumen hennar å bli ein god lærar som kan hjelpe elevane til å nå måla sine – og gjere det ho ikkje kunne.
Ho har akkurat fått lærarjobb ved Don Bosco skolen!
Fadderordning
Don Bosco school i Dumka i Santalistan er ein god leverandør av jenter og gutar til høgare utdanning. Skolen er eigd og blir driven av Den Evangelisk Lutherske Kyrkja i India, og får støtte av Normisjon. Den nye fadderordninga for elevar ved Don Bosco-skolen gir fleire jenter og gutar ein sjanse til å få oppfylt draumen sin!
Del på Twitter
Normisjon: Tlf: (+47)23 30 10 00 | normisjon@normisjon.no | Bank: 1503.02.13537 | Org.nr 860 474 522 | Postadresse: Postboks 7153, St. Olavs plass, 0130 OSLO
Besøksadresse: Linstows gate 3, 0166 Oslo (se kart) | Har du tips til nettsidene? Kontakt oss på tips@normisjon.no | Redaktør: leif.gunnar.vik@normisjon.no