Bibelskolen i Bafoulabé, Mali from Normisjon on Vimeo.
Bibelskulen som Normisjon driver i Bafoulabé i Mali har fått eit nytt undervisningsbygg. Skulen kan nå ta i mot fleire studentar.
I januar vart undervisningsbygget til bibelskulen klart. Bygget er kvitt med blå karmar.
- Det minna om eit helsesenter og vi var fleire som var enige om at det også var eit helsesenter, for den andelege helsa, seier Gunn-Marit Lygre, tidligare misjonær i Mali.
Kun menn
Dette året er det åtte menn og syv kvinner som går på bibelskulen. Det er to ulike opplegg for elevane. Kvinnene har lese og skriveopplæring med Tatou Cisse, som sjølv har gått på bibelskulen, og noko bibelundervisning. Kvinnene og barna er ellers også med på morgonsamlingane og kveldsbønna/samlingane. Mennene (det er kun menn dette året) har ansvar for morgonsamlingane etter tur. Deretter er det vanleg bibelskuleundervisning fram til klokka 1330.
- Denne veka er det ein kamerunesisk kollega som underviser i det nye testamentet, nærmere bestemt Kolloserbrevet, fortel Gjermund Lygre som leiar bibelskulen.
Kvinnene har undervisninga si i den store møtesalen. Med det nye bygget er det plass til 10-12 studenter.
- I tillegg har vi fått eit tenlig bibliotek/leserom og to gode kontorer. Vår drøm er å få opp den andre halvdelen av det gamle bygget også. Da vil vi kunne få to klasserom, eit radio studio og eit kontor til kyrkja, men dette er noko vi drømmer om foreløpig, fortel Lygre.
![]() |
|
Årets elevar ved bibelskulen i Bafoulabé.
|
Innvielse
Nå er det pastoren i Bafoulabé, Karim Fofana og hans familie som fungerer som vaktmester, vertsfamilie, gjestelærere og Lygre som arbeidar ved skulen. Elevane gjer og eit godt arbeid for bibelskulen med ulikt praktisk arbeid.
- Vi hadde innvielsen samtidig med åpningsfesten i januar. Gamle og nye elevar var til stades, likeså folk frå kyrkja i Bafoulabé, norske og kamerunesiske misjonærar og andre gjester. Vi begynte festen med ei god samling inne i møtesalen, med takketalar til dei som hadde bygt bygget, andakt, lovsang og presentasjon av dei nye elevane som får glede av bygget. Deretter gjekk vi ut for å saman leggje våre hender på bygget og be for det. Vi avslutta med eit godt festmåltid og alle kunne gå nøgde og mette heim etter ein begivenhetsrik kveld, seier Gjermund Lygre.
![]() |
|
Fra opningsdagen. F.v. Alf Halvorsen-bygningssjef, Adama Bah, kyrkjepresident og medlem av bibelskulekomiteen, Jucko Konate, byggeleiar, murarsjef og Gjermund Lygre, leiar av bibelskulen.
|
Del på Twitter
Normisjon: Tlf: (+47)23 30 10 00 | normisjon@normisjon.no | Bank: 1503.02.13537 | Org.nr 860 474 522 | Postadresse: Postboks 7153, St. Olavs plass, 0130 OSLO
Besøksadresse: Linstows gate 3, 0166 Oslo (se kart) | Har du tips til nettsidene? Kontakt oss på tips@normisjon.no | Redaktør: leif.gunnar.vik@normisjon.no