På bibelskulen i Bafoulabé, Mali, jobbast det no med små praktiske utbetringar før regntida kjem for alvor. I fleire år har vaktmesteren Karim Fofana (bildet) fått meirarbeid på grunn av regn som kjem inn gjennom dei to åpne murvindaugo som vender mot aust.
I regntida kjem stort sett alltid regnbyene frå aust. Ofte kan det vere sterk austavind i samband med regnbyene, og det fører til at mykje vatn kjem inn i bygninga. Då bygninga vart reist var det med tanke på å få inn luft og lys i møtesalen.
No har det vore nok ekstraarbeid med regnet og difor er to gode maliske medarbeiderar sett i gong med å lage lemmer i jern som kan lukkes for desse vindaugo når regnet og vinden herjar. Dette vil og vere tenleg for å vise film i møtesalen for å sleppe å lage provisoriske løysingar med tepper som dett ned midt under filmen. Under ein barne- og ungdomsleir i fjor sommar måtte dei samle seg i motsatt ende for å sleppe å bli våte under møtene.
Utfordringar for folket i Mali
Karim Fofana er pastor i kyrkja i Bafoulabé og mykje på farten for å fylgje opp kristne i området. I starten av juni var han på ein liten turné for å planleggje nokre samlingar for å styrkje dei kristne i trua. Fleire stader treff han lite folk heime. Dei har dratt for å leite etter gull i sørvest Mali, nærare bestemt i Kenieba området. Det er lite arbeid å oppdrive lokalt og nauda er stor. Difor har mange ikkje noko val men må ut og søkje arbeid for å skaffe inntekter til familien.
Nokre gullgraverar kan tene godt, andre toleg bra, men mange får lite å ta med heim til familien. Det er også risikabelt å arbeide i gruvene, med lite HMS tiltak. Karim Fofana reknar med at mange snart vender heim i og med at regntida no står for døra.
Del på Twitter
Normisjon: Tlf: (+47)23 30 10 00 | normisjon@normisjon.no | Bank: 1503.02.13537 | Org.nr 860 474 522 | Postadresse: Postboks 7153, St. Olavs plass, 0130 OSLO
Besøksadresse: Linstows gate 3, 0166 Oslo (se kart) | Har du tips til nettsidene? Kontakt oss på tips@normisjon.no | Redaktør: leif.gunnar.vik@normisjon.no