Nordfjord Folkehøgskole

Nordfjord folkehøgskule ligg i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Skulen vart oppretta i 1923, og har 138 elevplassar.




Vi satsar fullt på friluftsliv. I dag har vi ni linjer friluftsliv som hovudfag, og i tillegg har skulen ei linje med tilrettelagt undervisning med bu- og arbeidstrening.

Normisjon region Sogn og Fjordane eig skulen. Skulen har 28 tilsette. I sommarmånadane har skulen ei større satsing med sommarhotell og vandrarheim, med selskapsdrift og aktivitetstilbod. Også i løpet av skuleåret driv skulen med catering, selskapsdrift og aktivitetar.

Undervisningstilbod:
• Friluftsliv/Aktivitet
• Friluftsliv/Ski og surf
• Friluftsliv/Ekspedisjon
• Friluftsliv/KRIK Ski
• Friluftsliv/Vind og vatn
• Friluftsliv/Vertikalt
• Friluftsliv/Jakt og fiske
• Friluftsliv/Vegleiing
• Bu- og arbeidstrening.   

Svært mykje av undervisninga skjer utandørs, med turar og aktivitetar. Visjonen til skulen er ”Sette spor under ein open himmel”, og måla i undervisning og skuledrift er å legge til rette for kristen tru og vekst, inspirere til ein gjennomtenkt livsstil, formidle kunnskap, skape glede over naturen og i naturen, og vere trygge og gjere andre trygge.

www.friluftslivskulen.no