Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Møte på Holmely: Undervisning om gudsbilde

Møte på Holmely: Undervisning om gudsbilde

Holmely ligg på Totland/Bryggja.

Starter: 19.05.2017 19:00:00 Slutter: 19.05.2017 21:00:00

Undervisning om gudsbilde ved regionarbeidar i Normisjon, Ingebjørg Isane Fure.
"Bryr Gud seg verkeleg om meg?" - er eit spørsmål mange kan stille.
Gudsbilde handlar om korleis vi oppfattar Gud - i tankane/fornufta og i følelsane/subjektive gudsbilde. Det er ikkje alltid det er samsvar mellom korleis vi har lært med tanken at Gud er, og slik den subjektive oppfatninga er hos den enkelte. 
I denne undervisninga vil det vere fokus på kva som er med og formar gudsbilda våre,  ulike gudsbilde med slagside og fokus på både tru og tvil - særleg når livet kan opplevast vanskeleg.  

Ingebjørg brenn for diakonalt arbeid og er opptatt av å formidle kor viktig det er å kunne snakke ærleg om tvil og det ein synest er vanskeleg rundt trua, men også at der er ein god Gud som ønskjer å komme oss i møte - akkurat der ein er i livet. 

Jan Gudmund Skrivervik vil delta med song og musikk. 
Det blir også høve til å reflektere over undervisninga.
Kollekt. 
Kaffi/te og noko attåt. 

Ein treng ikkje melde seg på for å kome til møtet, men dersom ein ønskjer å overnatte og/eller delta på dugnad neste dag (20. mai), kan ein melde seg på til
holmely@normisjon.no / tlf. 57 85 34 25 - innan 18. mai. 

Velkomen til Holmely! 

(Illustrasjonsfotoet over er henta frå Shutterstock.)