Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Jesper Lemming ny regionleiar i Normisjon Sogn og Fjordane

Jesper Lemming
Foto: Privat

Normisjon Sogn og Fjordane har tilsett ny regionleiar. Jesper Lemming (27) er den nye leiaren for Normisjon i Sogn og Fjordane.

Han er busett på Vereide i Gloppen og har tre år bak seg som friluftslærar ved Nordfjord Folkehøgskule. Han har nyleg gjennomført bachelor i økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har vidare sjelesorgkurs for KRIK leirar ved Modum Bad.

   - Jesper Lemming er ein spennande person med litt uvanleg bakgrunn, seier styreleiar i Normisjon Sogn og Fjordane, Svein Ottar Sandal.
Som frisluftslærar på Folkehøgskulen har han fått brukt sine interesser innan terrengsykling, klatring og ski og arbeid mellom unge. Han var med å etablere Norges første stibyggerfirma for terrengsykling. Men han er også unikt interessert i nyskaping og det kunne nå nye generasjonar med Normisjon sin visjon.

   - Eg ser det som ei viktig oppgåve å gjere Normisjon meir aktuell for nye generasjonar, mi økonomisk administrative utdanning har gjeve meg ein bakgrunn som eg trur kvalifiserer meg til regionleiar i Normisjon, seier Jesper Lemming. Eg er fleksibel og ønskjer å løyse spontane utfordringar. Eg trur også eg er god til å kommunisere på eit medmenneskeleg plan og samtidig vere tydeleg på den kristne bodskapen. Eg er veldig motivert for jobben, seier Jesper Lemming.

   - Det var fem søkjarar til stillinga som regionleiar i fylket, mange godt kvalifiserte, seier styreleiar Sandal.
   - Det er eit spennande val med Jesper; vi trur han vil gjere ein god jobb med å utvikle misjonsarbeidet i Sogn og Fjordane. Han er tilsett i 60 prosent stilling og har nyleg kjøpt seg eit småbruk på Vereide som han vil kombinere med regionleiar-jobben. 

Jesper startar i 30 % frå 1. mai og kjem for fullt i gang i 60 % stilling frå 1. august. 

Han tek over stillinga etter Vegard Reigstad Tennebø som har fungert i stillinga siste året. Vegard fortset no som fellesskapsutviklar i regionen saman med ei nasjonal deltidsstilling som leiar for Normisjon i Norge, saman med to andre.