Nytt fra Mali

08 mai 2017

Fest

I slutten av april var det stor fest på bibelskulen. Over her er bilete av elevane og rektor og to til som arbeider på bibelskulen med ulike ting.

No er elevane vendt heim og vil fungere enno meir som leiar i sin lokale samanheng. Dei har fått påfyll av kunnskap, erfaringar, praksis og liv. Rektor Koda Solomon vil besøkje dei både ein og to gonger før dei kjem igjen i januar neste år.
Koda ber meg om å helse og takke alle som støttar bibelskulen i Bafoulabe. Midt i førre veke fekk kona hans ein telefon frå Kamerun med vonde nyheiter. Bror til Deborah hadde omkomme i ei bil-ulykke. Koda ber oss om å be for ho, for dei og for familien i Kamerun.

Agenda 1
No er vi godt i gong med å planleggje Agenda 1 i Mali. Agenda 1 er eit leiar/felleskaps og identitetsbyggjande verktøy. Dette er eit samarbeid mellom EELM (Eglise Evangelique Lutherienne du Mali), og MFLM (Mission Fraternelle Lutherienne au Mali), og Normisjon. Vi planlegg første runde med dette i oktober og inviterer fellesskap i Bamako distriktet til samling og fellesskap i Bamako over to dagar. Tambaga, Bafoulabe og Oussoubidiania distrikta blir invitert til samling i Bafoulabé også det over to dagar. Ein av nøklane til å lukkast med dette, og mange ting i livet, er oppfølginga mellom samlingane som er to gonger i året. Fellesskapa som reiser heim med mot, ein bekrefta identitet og planar treng støtte og hjelp for å komme vidare. Difor skal vi samle vegleiarane til samling for å gje dei kunnskap og klokskap. Be gjerne for førebuingane på alle plan. 

Gode og dårlege nyheiter
Dei gode nyheitene først. No har den maliske staten klart å få på plass dei offisielle strukturane på dei stadane som mangla i nord etter uroa, Timbuktu var ein av stadane. Den store fredkonferansen i Bamako vart toleg vellukka. 
Stadig vekk opplever ein at det er angrep i nord. Seinast søndag 26.04. mista ein FN soldat livet og fleire vart skada. Ein kan sjå spor av at landet blir meir radikalisert på ulikt vis. Menneskerettane har til dels dårlege kår. Eit eksempel på det er det ein malisk kompis fortalte meg i går. Han har studert i Paris mellom anna. For ei tid tilbake møtte han ei venninne han hadde gått på skule i lag med i Paris. No var han I Mali for ei undersøking i samband med studia. Dei møttest i Bamako. Det vart eit underleg møte fortalde han. Kvinna kunne ikkje handhelse på han, ho var ikkje lenger vestleg kledd, ho bar hijab, denne gjer at håret blir skjult. Ho ville ikkje prate med han på arbeidsplassen. Dette var eit offentleg kontor. Seinare møttest dei heime hjå ho. Ho fortel at ho blitt ein muslim for å få jobb. Utan at ho kler seg som ein muslim hadde ho ikkje sjanse til å få jobb. 
Ein Malikjennar meiner at fredsprosessen vanskeleg kan lukkast når ikkje alle partar er med og ein viktig part som Algerie spøker i bakgrunnen, men ikkje kjem fram i lyset med sine synspunkt og sin agenda. Spelar franskmennene med opne kort? Har dei agendaer dei ikkje kjem fram med er også spørsmål som blir reist.
FN sitt oppdrag i Mali er det farlegaste dei har for tida. Ei evaluering i New York i byrjinga av denne månaden viser at 114 FN soldatar har mista livet sidan starten i 2013. Det er ein stor mangel på godt utstyr og raskt utstyr. Tyske helikopter blir sett på bakken når temperaturen overstig 43 grader og det gjer den ofte i Mali i april, mai og juni!

Ei modig stemme
RAS BATH – er ein ung mann, ein dyktig musikar og god med rapping, som ikkje er redd for å seie kva han meiner og som påpeikar urett og løgn. Han har vore i fengsel, men er no på frifot og mange unge lyttar til han via sosiale kanalar. Myndigheitene har forbode han å samle folk på offentlege stader, men han klarar å samle mange i heimane rundt om i landet. Korrupsjon, religiøst hykleri, dårlege leiarar mm er tema som han tek opp. Eit nyleg eksempel. Han har kritisert nasjonalforsamlinga, generalar, rikfolk, ministrar med fleire for ikkje å betale straumen. Til slutt våga Mali sitt nasjonale straumselskap å kutte straumen som eg nemnde i førre mail.

Trendar skiftar ofte. Ein av dei siste trendane blant unge i er å røyke vasspipe. Dette skjer på barar, ute på gata og i heimane. Mange tenkjer dette er betre enn å røyke vanlege sigarettar, men helsemyndigheitene åtvarar mot dette. Dei meiner det til og med kan vere farlege enn vanleg røyk då ein held på så lenge med ei vasspipe og likevel får i seg mykje gift. Så obs obs neste gong du er ute på reis og blir freista til å prøve vasspipa!