Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Retreat for unge vaksne; «Kom heim!», Holmely

Retreat for unge vaksne; «Kom heim!», Holmely

Starter: 17.11.2017 18:30:00 Slutter: 19.11.2017 14:00:00

Denne retreaten blir leia av Rune og Eva Langseth. Rune er utdanna prest, men jobbar no som familieterapeut og er forkynnar på si. Han er gift med Eva, som er dagleg leiar på Holmely.

Målgruppa for retreaten er unge vaksne, så velje ein sjølv om ein er ung nok eller gammal nok i den kategorien.

Om retreaten: Vi har sett temaet: «Kom heim!» på denne retreaten. Vi trur Gud vår Far lengtar etter sine born. Han lengtar etter å bruke tid med borna sine og vise sin kjærleik til oss. Vi har sjølve gått ein veg i å oppdage meir av denne kjærleiken og har funne større kvile i kvardagen, med djupare vissheten om at vi er elska (og bra nok). 

Retreaten vil blant anna innehalde faste bønetider i kapellet, fordjuping i Bibelen, eigentid til kvile/turgåing/fordjuping/tid med Gud, forbøn, stille måltid og frivillige delestunder.
Det er ulikt kor vande vi er til stillhet. For nokre av oss er stillhet etterlengta og noko trygt. For andre av oss kan stillhet verke framand og kanskje litt skremmande. Vår erfaring, er at Gud jobbar i stillheta vi legg til rette for. Så kan vi kome som vi er og der vi er i livet, som Hans born. Vi ønsker å leggje til rette for at du finn kvile i stillheta her på huset. Det vil òg bli sett av tid til å kunne la Gud tale til deg, gjennom naturen og omgjevnadane på denne flotte og fredfulle plassen.

Pris dobbeltrom: Kr. 1950,- Pris enkeltrom: Kr. 2150,-

Sjå meir info i brosjyra:  Retreat Kom heim!.pdf

Påmelding:
Gjerne i skjemaet under, eller e-post/telefon til
Holmely Omsorg og Retreat
Tlf. 57 85 34 25 
E-post: holmely@normisjon.no

Meir info om Holmely: www.holmely.no

ARRANGEMENT (trykk på pil ned)
Etternamn
Førenamn
Adresse
Postnr.
Poststad
Telefon
E-post
Annan info (allergi, spesielle behov e.l.)