Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sommarjobb i leirteam?

Foto: Acta Sogn og Fjordane

Vil du ha verdas beste sommarjobb? Søk teamstilling i Sogn og Fjordane! Vi garanterer god stemning, herlege sommardagar og minnerike leiropplevingar!

Snøen er i ferd med å smelte, sola kikkar over fjelltoppane igjen og det er snart tid for sommarleirar! Acta Sogn & Fjordane søkjer:

TEAMLEIAR OG TEAM-MEDLEMMAR TIL SOMMARTEAM PÅ FJORDLY OG TEIGEN

ArbeIdsoppgåver er rekruttering av leiarar og deltakarar, planlegge og gjennomføre leirar og sørgje for trivsel og tryggleik.

Du er gjerne over 18 år, (er du over 16 kan du også søkje) har vore på leir før, har gjerne leiarkurs, bibelskule eller anna, men viktigast er personlege eigenskapar og at du deler vår visjon! Vi drøymer nemleg om ein sommar der barn og unge får møte, følgje og ære Jesus Kristus!

Leirsesongen er mellom 16. juni og 1.aug. (Med ei friperiode frå 12.-26.juli.) Det blir venta at team‐medlemmene er med på flesteparten av leirane. Teamet er med på leirar både på Fjordly og Teigen.

Teamleiaren er ansvarleg for leirane og denne stillinga vil utgjere meir arbeid og krev større kompetanse og erfaring. Acta‐leiar er næraste overordna.

Du får lønn, innføringskurs, opplæring i førstehjelp og brannvern, og kanskje viktigast; store leiropplevingar saman med barn og unge!

Sommarteamet er forplikta på Normisjon sitt verdidokument og ein må kunne vise politiattest av nyare dato (dette hjelper vi til med).

Fortel oss kvifor du vil vere med! Søknaden sender du til Acta‐leiar Stine Hopland (stine.hopland@normisjon.no). Legg ved cv, kopi av vitnemål, attestar og referansar. Ta kontakt på 92 04 63 49 om du lurer på noko.

Søknadsfrist: 23. mars. Melding om tilsetting i veke 14.

Acta Sogn og Fjordane
Postboks 162
6821 Sandane
www.acta.as/sof