Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Fjordlybasar med nye rekordar

Fjordlybasar er ein fest!
Foto: Marte-Iren Lade

Det aula inn med folk, gevinstborda blei rygga lenger og lenger inn i matsalen, og fleire og fleire bord vart sette fram. Rundt 160 små og store sat rundt småbord då programmet starta.

Barnekoret Tusenfryd frå Deknepollen med sine flinke solistar, sjarmerte og imponerte oss. Frode Kvalheim snakka om at vi er verdifulle og delte flotte bibelvers. Anne Marit Isene Hals hadde Fjordlytipp med artige konkurransar.

Gevinstane fekk bein å gå på under to åresal og eitt avrivningslotteri. Små føter gjekk ivrig rundt og små hender delte ut strikkasokkar, telysestake, påskeserviettar, kaffi, snop og mykje anna spanande og nyttig. Hovudgevinstane blei, som seg hør og bør, delt ut på slutten. Heldige dei som vann mellom anna flotte heimesydde løparar, strikkateppe, iPad, DAB-radio og dukke med bunad og andre nydelege kle.

Det blei rekord både i antall frammøtte, og i økonomisk resultat. Brutto kom det inn kr. 117 500 på loddlister, årar og avrivningslodd! Kr. 45 000 kom inn basardagen, og kr. 72 500 på loddlistesal rundt i bygdene. TUSEN TAKK til alle som har bidrege til eit kjempebra resultat!
Sjå trekningsliste under.