Tid for leir!
No er det tid for sommarleirar på Fjordly! På sommarleirane er det mange uteaktivitetar: bading og båtliv, trampoline og fotball. Det er mange born og ungdom å verte kjent med. Vi lærer meir om Jesus og høyrer spennande historier frå Bibelen. Å grille pølse ved bålet, synge songar, lage underhaldning og hobbyaktivitetar høyrer også med. Sommarleir er masse!
Dato: 15.-17. juni.
Alder: 4-8 år med følgje.
Pris: Kr. 550,- for barn, 700,- for vaksne.
Kanskje den første leiren ein får oppleve? Det er ein fin start på sommaren, at mamma, pappa, besteforeldre eller ein fadder tek med seg barnet på leir. Det er ein god måte å oppfylle dåpsløftet på!
Leiarar
Rune Tøsse, Inge Ytrehus, Johan-Olav Nyberg, Mai-Linn Blålid, Kristin Stave m.fl.
Påmelding
Påmelding gjer du helst her.
Du kan også sende ein e-post eller ringe oss.
Ha i så fall klart:
- Namn, fødselsår og adresse,
- Namn på føresette, telefonnr./e-post
- Om vi kan bruke bilder av deg på nett / blad
- Evt. sjukdom/allergiar o.l. (ved enkelte funksjonshemmingar/diagnosar kan det for deltakaren sitt beste vere nødvendig med følgje)
- kven du ønskjer å bu på rom med
Kort hugseliste
1. Gode kle og sko til å vere ute og inne med (regnkle og støvlar, badekle og badeand :)
2. Bibel og skrivesaker
3. Sovepose/sengetøy, laken og putevar, handduk og toalettsaker
4. Pengar til leirbetaling (kontant/kort), kiosk og kollekt (viss ein ynskjer).
Kjekt å vite
Kontakt med deltakarane under leiren er lettast ved måltida på telefonnummer
920 48 133.
Leirstart/ innkvartering første dag: kl.18.00-18.45.
Avslutningsmøte siste dag kl.15.00.
Heile familien er velkomen til avslutningsmøtet!
Spørsmål?
Kontakt
Acta Sogn og Fjordane:
E-post: acta.sof@normisjon.no
Tlf:92 04 63 49 / 57 86 63 49