Holmely

Ein jordnær plass med open himmel


Velkomen til Holmely i Nordfjord!

Holmely har fått ny nettside. Gå til www.holmely.no


Holmely ligg som ei perle i sjøkanten, like ved riksveg 15 på Bryggja i Nordfjord, med flott utsyn mot fjell og fjord og skogkledde holmar. 11 rom (enkle og doble) med god standard. Måltida vert servert frå eige kjøkken: God heimelaga mat.   

Kontaktinfo
Holmely 
Holmevegen 26 
 6711 Bryggja

Tlf.:  57 85 34 25 
E-post: holmely@normisjon.no
Sjå Holmely på kartet. 
Koordinatar: 61°55'43.6"N 5°23'17.2"E

Eigar: Normisjon region Sogn og Fjordane 


HOVUDTILBOD

 
Retreat 
Trekkje seg tilbake, bruke tid i stillhet 
for å bli betre kjent med seg sjølv og Gud. 
Få hjelp til å vandre med kvilepuls. Tid til å vere stille og be. 
Faste samlingar i kapellet. Bibelmeditasjon. Stille måltid med musikk. 
Tilbod om sjelesorg/åndeleg vegleiing/medvandring.

Bøn
Bønelunsj fredagar (med unnatak av skuleferiar) 11.30 – 12.30; vi et ilag, drikk kaffi og ber for staden, regionen og kvarandre (ta med matpakke).
Bønedagar: åndeleg påfyll, lovsong, felles bøn, bønevandring, høve til personleg forbøn.  
Bøn- og lovsongshelger.

Temadagar / helgar / kurs
Inspirasjon og fornying for kristenlivet og kvardagen. 
Gode tema-haldarar med livsnære og bibelske tema. 
Det er godt mogleg å ha selskap med dei andre gjestene, like gjerne som ein kan trekkje seg tilbake i stillhet når det kjennest best. Ein kan fritt bruke loftsstove, kapellet og bokhyllene. 
Holmely er ikkje ein behandlings-stad, men kan ved mange høve vere eit supplement til anna hjelp.
Dei fleste temahelger/kurshelger er i ei ramme av retreat - med kveldsbøn og morgonbøn i kapellet, samt ei eigentid/høve til stille tid i løpet av dagen.

Omsorg og livshjelp
Medvandring - høve til sjelesorg/ samtale/ forbøn.
Tid for avkopling og tilkopling.
Individuelle opphald. Ta kontakt!

Enkeltgjestar, grupper og lag / Ferie:

Enkeltgjestar og feriegjestar er velkomne, etter nærare avtale.
Holmely kan òg leigast av grupper og lag som ynskjer ha eigne arrangement.
Vi har sengeplassar til ca. 20 personar. 
Rikeleg høve til å bruke naturen frå fjord til fjell.
Kort veg til Stadt, Selje, Vågsøy, Bremanger, Nordfjordeid med mange naturperler og historiske stader. 
Stryn, Loen, Olden m.m. i indre Nordfjord er ikkje meir enn 1 time og 15-30 minutt unna.
Holmely er medlem i Norske Misjonshoteller. 
 



Dei tilsette
På Holmely vil du møte, i tillegg til dei som spesifikt er nemnd i eventuelle arrangementprogram, husfolket. Desse har sjølvsagt teieplikt. Dei står til disposisjon under opphaldet ved Holmely.
Dagleg leiar: Eva S. Langseth.
Velkommen til oss!           
 
Lik Holmely på Facebook - då held du deg oppdatert om arrangement og nyhende frå Holmely. www.facebook.com/holmely 

Kontonummer: 3000.14.72204. Takk om du vil gje ei gåve til Holmely!  
   
Reise til og frå Holmely (link)