Teigen Leirstad

Teigen er Normisjon sin leirstad ved Eikefjord i Sunnfjord


 

Teigen er ein flott møteplass for konfirmant - og yngresleirar, diverse møte og stemne, eller dagar av ymse slag. Her går også an å leige hytte utanom arrangement. Her er eit nydeleg uteområde, med fine fiske- og bademoglegheiter. 

Hovudhuset består av: Peisestove, møtesal, matsal, grupperom/aktivitetsrom og toalett. Vi har biljard, bordtennis og mange spel tenkt til fritt bruk for leirliv. Vi har også eit kapell som er veldig flott til mindre samlingar. 

Overnattingsromma er fordelt på 5 hytter, der ein hytta er nyoppussa. Romma er i hovudsak 5-6 sengsrom i tillegg til ein del dobbeltrom med dusj og wc på hytta. Nokre av hyttene har også ein mindre kjøkkenkrok.

Uteområdet er prega av vakker natur og mange moglegheiter. Teigen ligg heilt i sjøkanten og her er badeplass og stupetårn, vi har robåtar, kanoar og rikeleg med redningsvestar. Vi har store plenareal og ei fotballbane, volleyballbane, bålplass, steinkapell og mykje, mykje meir.

For info/bestilling, kontakt regionkontoret: 
tlf. 57 86 63 49 (tysd-fred).
E-post: teigen@normisjon.no
Kontonummer: 3775.20.63630

Treng du hjelp til å finne fram? Sjekk kartet! (Teigen står på kartet under namnet Hopeteig.)

Meld deg på leir her, eller les meir om leirane (og sjå bilete) på sidene til Acta Sogn og Fjordane

Frå Teigen er det kort veg til turar både i fjell og på fjord. Du er alltid velkommen til Teigen!