Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Årsmøte med godt engasjement

Folk i alle aldrar var på regionårsmøtet.
Foto: Foto: Jan Magne Moi

72 utsendingar møtte til Normisjonsårsmøtet og fekk orienteringar frå det breie arbeidet som Normisjon/Acta Sogn og Fjordane står bak: to folkehøgskular med til saman 250 studentar, to leirstadar som hadde ca 500 deltakarar på leir i 2013, eit hotell og eit retreatsenter, to barnehagar og i tillegg mange lokale foreiningar og barnelag.

Årsmøtesaker
Marta Fimreite takka av som regionstyreleiar, og Svein Ottar Sandal overtok vervet som styreleiar. Kari Rygg Leirgul og Kjell Magne Birkelund vart valde som styremedlemer, medan Marit Høyvik er 1. vara det kommande året. Under årsmøtet for Acta (barn og unge i Normisjon) fekk Rune Tøsse fornya tillit som styreleiar. Acta har starta ein prosess der ein vil vurdere eit nytt namn som er tydlegare knytt til Normisjon.

Årsmøtet vedtok oppdaterte vedtekter for Sunnfjord folkehøgskule. Ei anna sak som skapte engasjement, var Normisjon/Acta sitt arbeid i Sunnfjord. Årsmøtet gav ei sterk oppmoding til regionstyret om å tilsetje ein arbeider som har Sunnfjord i fokus. Vidare hadde Vegard Tennebø ei orientering om stillinga hans som fellesskapsutviklar i regionen, og strategiar for å styrke eksisterande fellesskap, samt utvikle nye fellesskap. 

Flotte innslag
Svein Granerud frå hovudkontoret til Normisjon heldt inspirerande bibeltime og tale under  festkvelden med temaet «Fellesskap og misjon». Elevar og lærarar ved Sunnfjord folkehøgskule, samt elevar frå Normisjon sin skule «Gå Ut Senteret» i Hurdal var med og gav festkvelden eit friskt preg. I tillegg delte Marius Økland ferske inntrykk frå ein misjonstur til Nepal nyleg.
Acta hadde også eigen weekend i Førde for ungdomar denne helga, og dei var med på delar av årsmøtet.


Folk frå heile regionen kom til regionårsmøtet. 

Frå Acta-weekenden i Førde.