Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Set av helga 25-27.april!

Glade karar tek i eit tak.
Foto:

Fjordly har eit stort og fint utområde, samt mange bygningar, både nye og gamle. Dermed er det mykje ting å ta tak i, og vi treng di hjelp!

Maling
Sjølv om dei nye hyttene er kome opp, er dei ikkje heilt ferdige. Dei treng nokon strøk med maling. Dette er viktig å få på plass, for å ta vare på bygningane våre! Samtidig trengs det nye strøk med maling på den «gamle» bygningsmassen. Her er det mange som kan bidra.

Anna arbeid som trengst
Det er ikkje berre måling som trengs ute på Fjordly. Det trengs også andre ting. F.eks plenklypp, hogging av tre, rensking av takrenner, vaske veggane(før maling), luka ugras og planta nytt til våren, vindusvask og mykje mykje anna!

I tillegg treng vi hjelp på kjøkkenet denne dagen, slik at alle svoltne dugnads-arbeidarar kan få seg mat :) Her er det noko for alle!

Vi set av helga, med dugnad på fredag ettermiddag, og laurdagen. Søndagen er det familiedag på Fjordly, så det er ein ypparleg muligheit til å ta helga der.

Famliedag søndag
Familiedagen søndag må ein betale for, men resten er gratis både kost og losji. For dei som ynskjer å overnatte, ei eller to netter er det mulighet for det.

Om ein vel å overnatte, ordnar vi til med kveldskos og sosialt samvær. Enten dette blir peiskos, eller bålkveld ute :) Har de med ungar, ordnar vi med barnepass/aktivitet for dei, mens dei vaksne jobbar. 

Kan du tenke deg å vera med? (Gi ein lyd om du kan tenka deg å hjelpa til på kjøkkenet).

Påmelding
For å berekne mat, overnatting og evt. barnepass, ber vi om påmelding.
Påmelding innan onsdag 23. april.
Påmelding:  sof@normisjon.no / Tlf: 57 86 63 49 / 92 03 12 19