Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Rasteplass ved fjorden

Den nye gapahuken på nordsida av Gloppefjorden.
Foto: Odd Harald Halse

Noo har vi bygd oss ein ny rasteplass, ein flott gapahuk ved fjorden der kalde elevar kan tende bål og varme seg etter ein dukkert i fjorden eller etter ein strabasiøs kajakktur.

Gapahuken kan òg brukast til mindre strabasiøse ting, det går for eksempel an å rusle seg dit i roleg tempo, ha med god mat og gode vener - og så er suksessen sikra. Tek ein med soveposen kan ein nyte kvelden og natta på brisken, det er godt å sovne til lyden av bålet som knitrar og fjorden som klukkar.

Det er elevane våre som har bygd gapahuken, saman med fleire dyktige tilsette. Vi er veldig fornøgde med resultatet, og inviterer alle til å bruke den. Ein dag er det kanskje du som tek deg ein kvil der? Om du skulle kome padlande inn gloppefjorden ein dag, og treng kvile, så bruk gapahuken – og nyt den!