Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sommarleirar på Fjordly og Teigen

Foto: Acta Sogn og Fjordane

Skapt til å dele!

Sommaren er tida på året vi deler saman, enten det er som familie eller med vener. Vi har god tid og koplar av. Kvifor treng vi dette? Jo for vi er skapt til å dele! Dele tida, fellesskapet, dele historier, utflukter og ekspedisjonar. Eller å dele liv og tru.

Acta – barn og unge i Normisjon, arrangerer òg i år sommarleirar på Fjordly og Teigen. Å reise på leir inneber å overnatte heime ifrå, å bli kjend med nye menneske, både på sin eigen alder og med leiarane, å finne på mykje forskjellig saman, og ikkje minst å få høyre meir om Jesus. Alt dette gjer at vi lærer noko nytt og får oppleve noko unikt – vi deler opplevingane. I sommar er nettopp dette temaet for leirane: At vi er skapt til å dele.

Begge leirstadane til Normisjon Sogn og Fjordane, Fjordly i Nordfjord og Teigen i Sunnfjord, er godt tilrettelagt for sommarleirar. Fjordly ligg flott til på Bryggja, mellom Måløy og Eid. Teigen finn ein litt utanfor Eikefjord, mellom Florø og Førde. Her finn ein hovudhus med rom til måltid, samlingar, kos, bordtennis og biljard og eigne hytter til å sove i. Ute er det kanoar, båtar og redningsvestar tilgjengeleg, samt flytebrygge og stupetårn til bading. Fotballbane og hinderløype finn ein òg begge plassar. På Fjordly er det ein eigen holme til utfalding av ulikt slag. Mangt eit flagg har blitt kapra her. Teigen har ei strand det er fint både å bade på og å sjå etter krabbar ved. Mangt eit isboksakvarium har blitt innreidd her. I tillegg kan ein finne fram kubb, cricket, badminton og ringspel. Berre fantasien set grensene for kva ein kan finne på.

På leir er det mange menneske i sving for at deltakarane skal få ei super oppleving. På kjøkkenet er det trygge vaksenpersonar og kjøkkenhjelper som gjer sitt for at maten og det praktiske skal vere av godt ivareteke. Leiarane er ungdommar og vaksne som brenn for at deltakarane skal ha det bra og få eit eventyr av beste sort. Rundt om kring ber menneske for leirane og det som føregår der, og Gud er med og vernar og gler seg over flokken som samlast.

Velkomen til leir, både små og store!

Leirmenyen på Fjordly:
Minileir 13.-15. juni 4-8 år m/ følgje
Sommarleir 1 22. – 25. juni 4.- 5. klasse
Sommarleir 2 29.juni – 2. juli 6.- 7. klasse
Tenleir 9. – 13. juli 13 år og oppover
Familieleir 25. – 27. juli 

Leirmenyen på Teigen:
Amigosleir 20.-22. juni - 1.-5. klasse

Påmelding
Påmelding gjer du helst her: http://www.acta.as/sof/paamelding
eller til familieleir her: http://www.normisjon.no/post/38483/

Du kan også sende ein e-post eller ringe oss:
E-post: acta.sof@normisjon.no
Tlf: 57 86 63 49/ 92 04 63 49

Frist for påmelding 7 dagar før leirstart. Påmelding etter fristen vert 100,- i tillegg på prisen.

Kort hugseliste
1. Gode kle og sko til å vere ute og inne
2. Bibel og skrivesaker
3. Sovepose/sengetøy, laken og putevar, handduk og toalettsaker
4. Pengar til leirbetaling (kontant/kort), kiosk og kollekt (viss ein ønskjer).

Kjekt å vite
Under leirane er det enklast å nå deltakarane ved måltida på telefon. Fjordly: 922 09 470. Teigen: 57 74 81 48.
Leirstart/ innkvartering første dag: kl.18.00-18.45
Avslutning: Avslutningsmøte der heile familien er velkommen, siste dag på leir kl.14.30 (påmelding ved innkvartering).