Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

100 år med barneklubb

Borna på S-Klubben i Hemsedal på jubileumsfesten
Foto:


Dei viktigaste aktørane denne ettermiddagen var ungane frå S-klubben. Dei framførte eit spel om Lars Skrefsrud. Dei dramatiserte historia om den miskunnsame samaritanen i original form og i modernisert form. Dessutan hadde dei ein sprudlande dans til ære for hundreåringen.


Hemsedal Soul Children med orkester song fire flotte songar. Birgit Solbakken var dagens talar. I friske ordelag fortalde ho kva S-klubben hadde hatt å seia for henne. Det viktigaste ho fekk med frå klubben var at verda var meir enn Hemsedal og Norge og at ein berre får gjort noko med urettferda i verda ved å vera engasjert.

Gjestene fekk forsyne seg frå eit bord med rettar frå mange land, og punktum for festen var kaffi og kaker ein hundreåring verdig.



Ordførar Oddvar Grøthe(bilete) og soknerådsleiar Toril Venås Sørensen hadde med helsingar og gåver frå Hemsedal kommune og Hemsedal sokneråd. Gunnvor Kreken helste frå Nordmisjon.


Ein historikk for S-klubben var til sals. Sebjørg Marie Jordheim, mangeårig drivkraft i klubben, har fortalt frå starten i 1914 til dagens S-klubb. Og klubben er høgst levande med over 40 betalande medlemer, møte annankvar onsdag og aktivitetar som ungane trivst med.