Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Stor innsats på dugnad

Foto: Foto: Ingebjørg Isane Fure

Om lag 20 vaksne og ein heil haug med søte små stilte opp på dugnaden med godt humør og stor arbeidsiver desse dagane. Dugnadsleiarane hadde lagt inn bestilling på godt vêr, noko som vart innfridd. Dermed vart maling av nye hytter den største aktiviteten. Både Stadt-Davik-hytta og Innfjordhytta fekk ein fin gråfarge på dei fleste sidene, medan nokre av veggane må vente litt lenger på malingsinnsats.

Mykje vart gjort
Andre gjeremål var kosting av heile plassen framfor ungdomssenteret, rydding ved bålplassen, maling av «Olavshallen», teiting av stolar og senger, reinsking av bedd, raking av greiner etter vinterstormane og forskjellig anna.

Høg trivselsfaktor
Som vanleg på Fjordly-dugnad, mangla ikkje folket mat! Sveler, gode middagar og anna herleg mat trilla stadig ut frå kjøkenet. Både fredags- og laurdags kveld var det grilling i «hyttetunet».
Det var særleg kjekt at mange småbarnsfamiliar koste seg på dugnaden. Fleire av barna syntes det var kjekt å køyre vekk grus frå plassen i leike-bilar og traktorarar. Alle kunne bidra på dugnaden!

Dugnadsleiar Solrun Økland var godt fornøgd med innsatsen, og gler seg allereie til neste dugnadshelg: 15.-17. august.

NB! Styrar på Fjordly, Ove Aksnes, ønskjer seg gjerne nokre personar som har lyst å gjere ein innsats med meir maling no på føresommaren. Maling og kostar står klare, så det er berre å kontakte Fjordly, tlf 92 20 94 70.




Styrar Ove Aksnes malar Olavshallen, og får godkjent av rektor på Nordfjord folkehøgskule, Hildegun G. Tennebø :)


Sveler + dugnad = glede!


Dugnadsleiaren med fin malestil.