Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sjelesorgskurs i vinden

Gode høve til «vandring med kvilepuls» på Holmely denne helga.
Foto: Foto: Ingebjørg Isane Fure

 Temaa denne gongen var «Følelsar og kommunikasjon» og «vandring med kvilepuls». Anne-Line Jerstad Dahl og Iris Vartdal Clausen i Fermate Sunnmøre stod for den solide undervisninga. Undervisninga i «Ta vare på deg sjølv og andre»-konseptet kombinerer menneskeleg erfaring, sjelesørgerisk teori  og telogisk refleksjon forankra i Bibelen.  

Særleg under det siste temaet var det god tid til eigenrefleksjon og bibelmeditasjon - noko som passa godt med at naturen viste seg frå si beste side utover helga og gav gode høve til rekreasjon.

Gode tilbakemeldingar
Evalueringa frå deltakarane viste at det var nyttig undervisning og kurset hadde gode, trygge rammer. At trivselen var god, var det liten tvil om ut ifrå lydnivået når praten gjekk laust... :) 

Dei fleste deltakarane var så fornøgde med helga at dei kunne tenkje seg å komme tilbake på tilsvarande kurs, samt anbefale kurset for andre. 

Neste «Ta vare på deg sjølv og andre»-kurs på Holmely blir 19.-21. september. Temaa då blir «skyld, skam og tilgivelse» (meir info kjem seinare). 


Arkivfoto av Iris Vartdal Clausen og Anne Line Dahl Jerstad i Fermate Sunnmøre.


Informasjon om Holmely: 
www.normisjon.no/holmely
www.retreater.no/retreatsted/holmely
www.facebook.com/holmely

Informasjon om Fermate Sunnmøre:
www.fermate-sunnmore.no/