Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Med hjartet på rette staden

Melhus i engasjert samtale
Foto: Foto: Astrid Breivold

Normisjonsfolk frå det meste av Trøndelag, men også frå Nordmøre vart møtt av flotte haustfargar og sol, då dei kom fredags ettermiddagen. Og sjølv om sola ikkje slo følgje gjennom helga, vart det både greitt tur-vêr på laurdagen, og flott inne-vêr på søndagen. Noko dei fleste nytta seg av.

Ei utfordrande og god helg
«Kva er hjartet ditt fullt av,» starta regionleiar i Trøndelag, Inger Brit Rødberg helga med. Alle vart etterpå invitert fram til krossen, for å legge frå seg det som bekymra og tyngde. Det vart ei sterk opning av ei utfordrande og god helg.

Diakoni er å gjere godt
Temaet for helga i år, var diakoni. Diakoni er eit ord få har eit nært forhold til, fordi det tradisjonelt har vore knytta til kyrkja og diakonar. Og dei fleste tenker at det er heilt spesielle oppgåver som vert rekna inn i begrepet. Men «diakoni er å gjere godt», sa Elisabeth Østergaard, som var invitert som ein av to talarar. Ho er diakoni- og fellesskapsleiar i region Møre, og er oppteken av «kvardags-diakoni». Ho sa at vi alle er diakonar, og kan gjere godt der vi er. Så fekk alle i oppgåve å fortelje sidemannen kva diakoni dei brukar å gjere, når dei kunne bruke hennar definisjon.

Gud elskar alle menneske
«Det som aller mest har gjeve meg eit diakonalt hjarte, er når eg har fått sjå at Gud er min Far, og at Han elskar meg akkurat slik eg er», sa Elisabeth vidare. «For det handlar ikkje om meg. Det handlar om Gud – at Han ville at eg skulle vere til, at Han skapte meg, og elskar meg. Eg er Hans barn!»
Og ikkje berre Elisabeth, men alle mennesker, elskar Gud på same måten. Han ser alle, og Han ønsker at alle skal ha det bra! Difor må vi gjere godt mot dei vi møter og dei rundt oss.

Enkle ting som gjer stor forskjel
Dei som høyrde på, satte seg foreiningsvis, og fekk i oppgåve å tenke ut kva godt dei kunne gjere i sitt lokalmiljø. Engasjementet var stort, og samtalen gjekk lett. Etterpå delte nokre av dei kva dei tenkte på. Ei foreining vil reise heim og lage bakedag med skuleborna før jul, og dele ut kakene til dei som ikkje kan bake sjølv. Mange vil byrje å smile og helse på folk dei møter når dei er ute. Og nokon vil legge inn betre tid på handlerunden, slik at dei har tid til å slå av ein prat. Dei hadde forstått poenget, at å gjere godt ikkje treng å vere store, vanskelege ting, men enkle ting som gjer ein stor forskjel for nokon.

Sterke historier
Den andre talaren, Arne Christian Rokseth, er dagleg leiar for 22b, eit kontaktsenter som driv førebyggande arbeid mellom ungdom i Trondheim sentrum. Han delte sterke historier om korleis det kan vere og vere aleine og ikkje passe heilt inn i samfunnet.

Gud ser til hjartet
Temaet han hadde fokus på, var å bevare hjartet sitt, framfor alt anna. Han tok utgangspunkt i då Samuel salva David til konge, og framheva at Gud ikkje er oppteken av det ytre, men ser til hjartet. Han leitar etter hjarte som har same nøden for andre som Han sjølv har. «Gud ser alle dei som sit fint pynta, men aleine på 1. juledag, og han vil så gjerne gjere noko for dei,» var eit av eksempla han gav. Oppmodinga var klar: «Kven vil vere hender, føter, auge, øyre og munn for Gud?»

Besøk frå Hitra
Laurdagskvelden fekk vi høyre om kva som hadde skjedd gjennom Alpha-kurs på Hitra. Fleire er vorte frelste. Tre stykker var framme og delte sine historier om korleis dei vart kristne. Dei hadde møtt kristne som hadde vorte ei viktig støtte for dei, og som gjorde det mulig å rydde veg i livet for Jesus. Det var sterkt å høyre, og gav inspirasjon til å tenke at det også kan skje andre stader.

Meld deg på til neste år!
Også i år var Vekstkonferansen open for alle som ønskte å delta. Over 60 stk hadde klart å rydde plass i kalenderen til å stikke innom. Vi oppmodar alle til å merke seg dette arrangementet, som har vore gode og viktige helgar, og å melde seg på til neste år.