Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Haustmøtet i Sogn

Samklang i sving.
Foto: Foto: Vegard Tennebø

I regn og ruskever samlast ein fin flokk på vel 20 personar til bibeltime om emnet: «Elska og sendt».
Vegard Tennebø var gjestetalar og han delte frå 1. Mosebok 15, om Gud som gjer ei pakt med Abram der han lovar å gje han og etterkomarane hans heile Kananlandet.
   - Ein mektig bibeltime til lærdom og ettertanke, seier Anne Kristin Gunvordal, og held fram:
   - I samtalen etterpå kom det fram mange gode tankar om korleis vi ynskjer at vår forsamling skal vere. Kva har Gud, på ein spesiell måte, lagt oss på hjarta?
På festkvelden hadde møtelyden auka betrakteleg, Samklang gledde med song og Vegard talte meir om «Å vere sendt..»

Haustmøtet vart avslutta med fellesgudsteneste i Stedje kyrkje i Sogndal. Ei festgudsteneste med ca. 80 frammøtte. Vegard talte over Markus 7, 31-37, om den døvstumme i møte med Jesus. Preika handla om korleis vi sjølve og verda treng reinsing og lækjing frå Jesus, verdas frelsar. Det var song ved «Dalklang» og kyrkekaffi på Stedjetunet.
I kollekt denne helga kom det inn ca kr. 12 500.
Mange var glade og takksame for helga.