Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Soul Children veks ut av Konserthuset

Foto: Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien

Soul Children har booka Oslo konserthus for neste år òg, men det blir no vurdert å flytte arrangementet til eit større lokale.
1750 songarar frå mange kantar av landet i alderen 10-16 år deltok på sist helgs International Soul Children Festival frå fredag til søndag. Det var to konsertar i Konserthuset, og ein friluftskonsert på Universitetsplassen.

Oslo Soul Children opptredde side om side med festivalens musikalske trekkplaster frå USA; The Walls Group frå Houston og Walt Whitman frå Chicago.


– Walt Whitman grunnla Soul Children i Chicago for over 30 år sidan, og inspirerte meg til å starte opp Soul Children i Noreg, fortel leiar i Soul Children, Ragnhils Hiis Ånestad.

Hør intervju med Ragnhild Hiis Aanestad på NRK Mellom Himmel og Jord



Jubileum
Det var tiande gong festivalen vart arrangert.

– Dette var kanskje den finaste festivalen av alle. Eg er både stolt, rørt og takknemleg no i etterkant, seier Hiis Ånestad.

– Det var fin flyt i alle ledd. Medarbeidarar og foreldre i Oslo-koret gjorde ein fantastisk innsats i samband med festivalen. Og når barna kjem og takkar etterpå og seier dei gler seg til å kome tilbake til neste festival, så varmar det, seier ho.

Festivalen har ofte vore halden om våren, men i år valte ein hausten. Hiis Ånestad seier at sjølv om våren er ei fin tid, så er det òg ei tid kor mange familiar er opptekne med konfirmasjon eller ferie i samband med heilagdagar. Slik sett er det færre «kollisjonar» i oktober.

Til Cuba?
Soul Children er ei suksesshistorie knytta til Acta - barn og unge i Normisjon som er i stadig vekst, og er eit konsept som vert eksportert til stadig fleire land. I Noreg er det no 90 kor, og ein har avleggjarar i over 10 land. I Sverige har det kome 16-17 Soul Children- kor i løpet av kort tid. I Ecuador omtrent like mange. I Tyskland er det no 25 Soul Children-kor. Ein er òg i ferd med å utvide konseptet til å omfatte andre enn 10-16 åringar, både i form av Pre Soul Children – ei form for aspirantkor for yngre barn – ungdomskor og familiekor.

– På nyåret dreg nokre av oss til Cuba for å undersøkje om det er grunnlag for å starte Soul Children der, fortel Ragnhild Hiis Ånestad.