Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Konferanse for unge vaksne i Quito

Foto: Foto: Åse Røsvik de Vargas

Wilson Valencia og kona hans, Carola, tok på seg ansvaret for organiseringa. Det skulle vera billeg, og undervisninga skulle ha kvalitet. Jobbing med program, tema og innhald gjekk hand i hand med alt det praktiske. Dei søkte om støtte frå den nasjonale kyrkja i Ecuador og Bibelinstituttet som blir støtta av Normisjon, og dei fekk positivt svar. Sjølv om desse institusjonane ikkje har store slingringsmonn i budsjetta sine, ønskte dei i alle fall å gi ei symbolsk støtte til engasjerte ungdomar.

Lærer å klare seg sjølv
Under temaet LEVE, samla elleve unge i universitetsalder seg til fellsskap med liv og leven. Det vart topptur med overnatting i telt, møte og undervisning. I tillegg lærte ungdomane, dei fleste gutar, å lage tradisjonelle « maisbollar» eller chumaler og anna snacks. Kjøkkentenesta vart også fordelt broderleg på alle. Det gjorde opphaldet billegare, men var også god praktisk læring i det å “klare seg seg sjølv” i eit nesten vaksent liv.

Samlingane gjekk over fleire dagar, og mange stilte opp med undervisning. Lauro frå Bibelinstituttet underviste i apogoletikk. Gustavo, som sjølv var deltakar, underviste om temaet seksualitet og fråhald. Også dei to pastorane i Quito, Gonzalo Alvarez og Roberto Chinchin, hadde bibelundervisning.

Å leve som Jesus
Det omfattande programmet vart avslutta med temaet «Evangelisering, disippelskap og praktisk teneste». Denne undervisninga stod Gonzalo Celi for saman med svigersonen, norske Odd Magnus Venås. Deltakarane førebudde og gjennomførte feriesøndagsskule for barn i lokalkyrkja La Libertad i Quitos historiske sentrum.
Dei elleve ungdomane starta det nye haustsemesteret med ei viktig utfordring: Å leve som Jesus levde.


 Den som sier: «Jeg er i ham», må leve slik Jesus levde. 
Johannes 1. brev 2,6