Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Temakveld på Stemnestaden

Foto: Normisjon

Kva er godt når livet gjer vondt? Sprengfull peisestove og matsal fortel om at dette er eit spørsmål som vekkjer interesse.
Hans Høie tok oss med inn i temaet gjennom ærleg og livsnær formidling. Han delte frå si eiga vandring i krevjande livslandskap og om korleis Gud hadde gitt seg til kjenne i mørket.
Evy Kjønø formidla nyttig kunnskap om depresjon ut frå sin ståstad som psykiatrisk sjukepleiar.
Nydeleg musikk som gav balsam i sjela, vart framboren av Berit Johanne Folkedal (trompet) og Arnfinn Tobiassen (piano). Ein lun atmosfære med peisvarme, nybakt gjærbakst og fellesskap rundt borda ramma inn kvelden. Her kunne ein ta imot godleik gjennom ulike sansar og få mot til å gå ut att i novembermørket.