Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Feira 20 år med diakonal drift

Tormod Kleiven og dagleg leiar på Holmely: Eva S. Langseth
Foto: Foto: Jan Gudmund Skrivervik / Ingebjørg Isane Fure

På grunn av dei mange påmelde, hadde ein det meste av jubileet på Fjordly Ungdomssenter, eit steinkast unna. Først ut var seminar av Tormod Kleiven om temaet «Mellommenneskelig tilgivelse og forsoning». Kleiven snakka nyansert og med stor innsikt i emnet. Han trekte mellom anna fram at den som har blitt krenka, må få tid til å bli fri frå påført skuld og skam før vedkommande kan tilgje.

Mange som takka
Jubileet heldt fram med god festmiddag på Fjordly, før ein sette i gang med jubileumsfesten. Det kom helsingar frå både nært og fjernt som inneheldt takk til både Gud og menneske for det som Holmely har betydd gjennom desse 20 åra. Mange menneske har funne seg sjølv og Gud på denne staden, og har fått nytt mot til å gå vidare i livet.

Tilbakeblikk
Brit Lundby Hilde fortalde om visjonane og tankane som kom allereie på 70-talet om ein eigen stad der gjestar «som for kortare eller lengre tid søkjer hjelp, treng særskilt omsorg og kvile.» Lundby Hilde la og fram historier frå byggjetida på starten av 90-talet. Stadig fekk dei oppleve at midlane kom frå gjevarar etter kvart som det var behov. Presentasjonen til Lundby Hilde var eit resymé frå heftet «Starten og dei første åra av Holmely si historie», som same dama har vore redaktør for.

Mange innslag
Tormod Kleiven heldt ei livsnær og bibelnær tale om temaet «Våg å leve». Både arrangøren og dei frammøtte sette stor pris på det Kleiven delte denne dagen.

Talet på innslag viste at det er mange som har eit engasjement for Holmely; fleire personar stod for flotte musikkinnslag og frå både Ytre og Indre Nordfjord kom det gode ord om Holmely i diktform. Ein videosnutt med naturfoto frå Stadt viste litt av den vakre naturen som Holmely har rundt seg. Også kakebordet bar preg av at mange ønskte å bidra til eit flott og verdig jubileum for Holmely. I kollekt kom det inn 23 675,- I tillegg kom det også jubileumsgåver direkte på kontoen. 

Dagleg leiar på Holmely, Eva S. Langseth, leia festen på ein flott måte og var takksam for alle som kom.

Nattverdsamling søndag
Dei som ønskte, kunne overnatte til søndag og vere med på ei enkel nattverdssamling i Totland kyrkje like ved. Den samlinga var også ein del av jubileet, men det var ikkje plass til å ha den i kapellet på Holmely. Rikeleg med folk var ei positiv utfordring for Holmely denne helga!


Relatert:
Ein møtestad himmel - jord
www.holmely.no
Ønskjer du å gje ei jubileumsgåve til Holmely?
Bruk kontonummer 3000.14.72204.